søndag 12. april 2009

Woody Harrelson 1 - Zombie 0

Vi vil gjerne be folk om ein liten applaus, ein velfortent og høglytt trampeklapp, for Woody Harrelson som har slått eit slag for alle levande menneske. CNN kan rapportere at han overfalt ein mann med eit kamera som fulgte etter han på flyplassen. Framleis gira etter innspelinga av hans nye film Zombieland, attkjende Woody med ein gong mannen for det han var: ikkje noko så harmlaust som ein papparazzo, nei, men ein blodtørstig, hjerneetande zombie på jakt etter det saftige innhaldet i den vidkjende skodespelaren sitt kranium.

Etter å ha prøvd å snakke fornuft til liket, måtte Woody Harrelson gjere det han måtte for å forsvare seg sjølv og son sin som òg var med han på flyplassen. Dette er andre gong han har vore nøydd å forsvare seg mot kamerafolk, men det er uvisst om første mann òg var ein av dei levande døde.

Det heile er eit skrekkeleg døme på korleis vi i disse terrordagar framleis er overlatt til oss sjølv på flyplassar verda over. Rekkje på rekkje av tryggleikstiltak viser seg å vere reine illusjonar, og vi er ikkje ein gong fri frå levande døde på flyplassar. Og la oss vere heilt klinkande klare: Zombieaktivitetar er terrorisme, i enno større grad enn Al Qaeda og anna slikt tullball. Zombiar er ein reell trugsel som må handterast no. Har ikkje våre politikarar sett film, kanskje? Eller lest World War Z? Eller spelt Resident Evil? Terrorisme seier eg! BioTerrorisme på sitt verste.

Takk og pris for at vi har Woody Harrelson som kan forsvare oss. Eg trur vi skal vere takksame for at han er edru for tida, for om han framleis var på narkotika kunne han kanskje ikkje ha forsvart oss frå zombieåtaka!

2 kommentarer:

  1. Ikkje skuld på meg, eg stemde FOR zombie-apokalypsen.

    SvarSlett
  2. Vel, om valet hadde stått mellom Zombi-apokalypse og Pandamonium, så hadde eg forstått deg. Men skiljet mellom dei to er eit fiktivt eit, ein illusjon!

    SvarSlett