torsdag 28. mai 2009

Den 18. baronen av Dunsany

Mannen de ser på dette biletet døde pga blindtarmen. Noko som ikkje skjer så ofte lenger i den vestlege verda.

Dette er dog ikkje årsaka til at han er kjend, eller at eg ofte henvis til han i samtaler. Han var den 18. baronen av Dunsany, og bar det fabelaktige namnet Edward John Moreton Drax Plunkett - eller Lord Dunsany blant vennar. Namnet er heller ikkje årsaka til at han står på plakaten hjå meg.

Han arva baroniet av sin far, John William Plunkett som døde i 1899. Den 17. baronen av Dunsany hadde to soner med si kone, Ernle Elizabeth Louisa Maria Grosvenor Ernle-Erle-Drax, née Ernle Elizabeth Louisa Jessica Burton. Og hans andre son, den ærbare admiralen sir Reginald Aylmer Ranfurly Plunkett-Ernle-Erle-Drax, kunne forutan ein stolt teneste i den britiske marinen vise til eit aldri så lite banebrytande forfattarskap med Handbook on Solar Heating. Dei to brødrene var ikkje gode venar, på tross av at dei beggje var belemra med ein interessant namnetradisjon frå morsida.

Dette er likevel ikkje årsaka til at eg skriv om han no. Han var ein dreven sjakkspelar, og ein viktig forkjempar for dyrerettar. Heller ikkje dette er god nok grunn til at eg skriv om han.

Nei, årsaka til at eg ofte drar opp den stakkars baronen, er at han var ein flittig forfattar som skreiv over 60 bøker i sitt liv. Og nokre av desse forteljingane står sentrale i å forstå moderne fantasy og skrekklitteratur. Som fantast inspirerte han storleikar som Arthur Machen og H.P. Lovecraft, og han er å rekne som den allar første fantasy-forfattaren. Her er det Pegana-forteljingane som står sentral, og eg siterar frå Gods of Pegana
YUG THE PROPHET

When the Years had carried away Yonath, and Yonath was dead,
there was no longer a prophet among men.

And still men sought to know.

Therefore they said unto Yug: "Be thou our prophet, and know all
things, and tell us concerning the wherefore of It All."

And Yug said: "I know all things." And men were pleased.

And Yug said of the Beginning that it was in Yug's own garden, and
of the End that it was in the sight of Yug.

And men forgot Yug.

One day Yug saw Mung behind the hills making the sign of Mung. And
Yug was Yug no more.

Yug er berre ein av fleire profetar som vert presentert i dette verket, og som slik skapar ramma for ei heilt ny verd, med eit eiga pantheon og skapingsberetning. Og dette lenge før hjernecellene til Tolkien hadde byrja å gnistre. Lord Dunsany malar ein herleg verd, på eit og same vis fjern frå og knytt til hans eiga Victorianske verd. Det ligg noko arkaisk og evig i tekstane hans som er vanskeleg å riste av seg, og emulere.

Dei ulike Pegana-forteljingane er samla og utgjeven i fleire utgåver, og ligg lett tilgjengeleg på Gutenberg Prosjektet om du likar å få ting digitalt. Du skulder deg sjølv å lese mannen.

6 kommentarer:

  1. jeg satt meg nettopp ned for å lese Principia Discordia, så Edward får vente litt.


    Det er et ferdigvalg her på siden med navnet mitt...hvordan vet blogger.com hva jeg heter? har jeg en blogg her? har jeg laget den selv? hvorfor har de epostadressen min allerede? og hvordan vet de at jeg er meg når jeg ikke har logget inn her?

    *forvirret*

    SvarSlett
  2. Har ikkje Lord Dunsany venta lenge nok? Og du treng ikkje lese Principia Discordia, du er fødd i Fnord.

    Blogger er eig av google. Google veit alt.

    SvarSlett
  3. Dunsany er fine saker. Jeg anbefaler å lese det før man sovner, man drømmer så fint da.

    SvarSlett
  4. Å drøyme om Pegana er litt som å drøyme om Kadath... Carcosa... Leng.

    Dei vakraste drøymer, og du vaknar med eit klart mål for resten av dagen, om ikkje livet... tralalalala

    SvarSlett
  5. Men hvor blir det av kineserne?? -Gledespiken

    SvarSlett
  6. Kjære Gledespike, det hadde seg slik at etter du forlot meg på formiddagen, så gjekk det i slag i slag utover ettermiddag og kveld, men eg er vaken no, så kinesarane kjem.

    SvarSlett