måndag 25. mai 2009

Den internasjonale handkledagen 2009

Nok ein gong har eg tatt på meg å flagge mine sanne farger på den 25. mai. For mange er dette Geek Pride Day og eventuelt premieredatoen for den første Star Wars filmen i 1977, men for meg må alt dette vike for ein litterær feiring. Og slik har det vore sidan 25. mai 2001, den første gongen det internasjonale samfunnet tok på seg å feire the International Towel Day, altså den internasjonale handkledagen.

Historia bak er såre enkelt, og er ei eg har fortald fleire gonger før. Den 11. mai 2001 døydde Douglas Adams, forfattaren av the Hitchhiker's Guide to the Galaxy andre satiriske storverk. Ein av mange viktige lærdomar ein fekk frå hans bøker var at ein mann som har eit handkle, har alt han treng i verda. Og eit handkle hadde nok mannen som fekk for seg at Douglas Adams sitt liv var verdt å markere, for det tok han berre 14 dagar å arrangere den første internasjonale handkledagen. Ideen er simpelthen at på denne dagen, kvart år, så tar ein med seg eit handkle. Kvar enn ein går. Og ein brukar det gjerne for alt det er verdt.

Det har blitt ei prinsippsak, så på denne dag, som eg i utgangspunktet hadde via til å forlate mitt kontor for å sitte i ei skranke og hjelpe paniske studentar med deira spørsmål om eksamen og opptak, så gjorde eg dette mitt fine gule handkle lett tilgjengeleg.

Slik tok det seg ut:

Og alle var særs nøgd med servicenivået. Noko anna var sjølvsagt ikkje å vente.

22 kommentarer:

  1. Sexy - og sånn litt tverr-religiøst: Du likner på en sikh.

    SvarSlett
  2. Her prøver vi å tekke alle gudar og religionar, vi vil jo ikkje risikere noko no når dommedag er nær, vel? ;-)

    Utover det så er Sikhismen ein av dei religionane eg anbefalar folk. Knallbra greie. Og hadde det ikkje vore for den lille greia med at eg vert steina om eg konverterar så hadde eg kasta meg over sjansen til å verte sikh.

    SvarSlett
  3. Kvart år kjem denne dagen ein dag for tidleg. Nett som "Snakk som ein sjørøvar"-dagen.

    Kunne vi kanskje flytte dei ein dag?

    Ei anna løysing (som kanskje er vel så bra) er at du skriv om desse dagen FØR og ikkje ettermiddag/kveld på sjølve dagen...

    SvarSlett
  4. Du kler helt klart turban, men du trenger jo ikke være sikh for å bære dette stilige plagget!

    SvarSlett
  5. Det er sant, Lord Bassington-Bassington, eg burde investere i ein turban etterkvart. Eg stoler på råd frå min motekonsulent.

    Bad Mynock: Betre idè, du kan pinadø ta å markere dagen i kalendaren slik som resten av oss rettskafne. Eg kan jo ikkje blogge om det dagen før, då har eg jo ikkje tatt bilete.

    SvarSlett
  6. Du er jo ellers ikkje framand for å gi meg allverdas oppdateringar per mail og sms. Syns ikkje det er så mykje å be om at du minner meg på dette òg.

    Det er jo f.eks. viktigare enn kva spel GOG har gitt deg - sjølv om det òg har nyhetsverdi.

    SvarSlett
  7. Eg prøver å lære deg litt eigenansvar, BM.

    SvarSlett
  8. Og alle har selvfølgelig hørt den om sikhen som ringte sjefen og sa:
    - Jeg ikke komme på jobb i dag, jeg er sik!

    SvarSlett
  9. Ooooh! Blødmer! Det kan vi like!

    SvarSlett
  10. Den funker på engelsk også, Mullah! Og er du bare kjapp nok til å konvertere, og sikrer deg noen røslige sikher som livvakter, når nok ikke steinene fram.

    SvarSlett
  11. Sikh-livvakter har ikkje verdas beste rykte, har dei? ;-P

    SvarSlett
  12. Eg liker lengden på skjegget, det ser bra ut no.

    Tolo Von Grunge

    SvarSlett
  13. Sikh-livvakter både vokter og tar liv. De kjenner sitt yrke fra alle kanter, så å si.
    Og hvorfor så mye snakk om et par små glipp?

    SvarSlett
  14. Sikh sunbathing on beach, asked by tourist:
    - Are you relaxing?
    - No, I am Badar Singh!

    OK, da. Noen fatale glipp. Er det nå så nøye med adjektivene?

    SvarSlett
  15. Sikh-livvakter er glimrende, de, man må bare huske på å ikke bombe Det Gyldne Tempel. Selv planlegger jeg å skaffe meg sikhvakter etter hvert, og skal ha på badreomsspeilet en lapp om det med tempelet slik at jeg minnes på det hver morgen. Da går det nok bra.

    SvarSlett
  16. Ja, det er fort gjort å glemme at man ikke skal bombe templer.

    SvarSlett
  17. Det høyres litt vel risikabelt ut... eg har ingen impulskontroll når det kjem til å sprenge bomber. Difor forlot eg politikken ;-P

    SvarSlett
  18. "Bombe utløst av gal mullahs impulskontroll".
    Tro hvor lenge VG kan motstå den tittelen?

    SvarSlett
  19. På lik linje med Haakon Lies nekrolog så trur eg dei har gjort klar den saka for leeeeenge sidan ;-P

    SvarSlett
  20. I Love You! ;) Fantastisk.

    SvarSlett
  21. Eg er veldig elskverdig, ja, Sissel.

    SvarSlett