torsdag 21. mai 2009

Den Store Trampolinedagen

Så var det himmelspretten i dag då, eller Kristi Himmelfartsdag som nokon kallar det, dagen der vi minnast at Jesus, med eller utan springfjær i skorna, hoppa heilt til himmels. Sidan den tid (eller i alle fall sidan 300-talet), har vi valt å markere dette. Vi viar altså ein heil dag til det å hoppe himmelhøgt, og her i Noreg tar vi dette så seriøst, at det faktisk er ein offentleg fridag.

Alle hardt arbeidande sjeler får denne torsdagen fri, i all sannsynlighet fordi dei skal bruke den på å hoppe så høgt dei kan.

Hadde eg eigd ein sportsbutikk skulle eg jommen ha satsa stort på dette. Eg skulle ha kalla det "den Store Trampolinedagen", og eg skulle hatt eit stort "Trampolinedagsal", med fargerike (men smakfulle) trampolinar av alle slag til ein ugudleg låg pris. Kanskje til og med ha spesialdesigna trampolinar, som berre vart solgt i veka før "den Store Trampolinedagen", med broderte kross, og kanskje påmålte tornekranser til minne om Jesu liding. Og ja, ein due skulle vore med, for å minne den heilage ande - la oss ta pinsa litt på førskot folkens! Vi kunne kanskje hoppa heilt frå Himmelspretten til Pinse, på trampoline? Nærliggjande godteributikkar ville ha solgt Himmelsprettgodteri, mykje syntetisk skvip som spratt om du kasta det i bakken. Og i butikkvindauga og på plakatar over alt skulle eg hatt vidunderlege bilete av Jesu i sin allar mest verdige positur på ein trampoline (Kva seier du DUHH, stillar du opp og hjelp med reklamekampanjen?).

Hadde eg eigd ein sportsbutikk, så hadde eg blitt rik. På grunn av Himmelspretten. Kristi Himmelfartsdag.

Men eg eig ingen sportsbutikk, så eg tar meg fri som alle andre, og hoppar berre halvhjarta rundt i stova utan trampoline eller springfjær i skorna, eller von om faktisk å nå himmelen. Kanskje taket om eg er heldig.

Den Stor Trampolinedagen forblir med draumen.

8 kommentarer:

  1. Dette er det som skiller deg fra en ekte Gründer! Hadde det vært skikkelig tak i deg, og ikke bare i kjeften, ville du umiddelbart ha satset alle dine eiendeler på denne idéen og satset alt på trampoliner!

    Jeg foreslår at du til neste år går for gull! Trampoliner til alle!!

    Jeg lover å heie på deg hele veien!

    SvarSlett
  2. Du lover å kjøpe òg altså? ;-)

    SvarSlett
  3. Alternativet for oss trampoline-hemma blir eventuelt å gjera som Spider Jerusalem og bestille eit par Air Jesus-sko.

    SvarSlett
  4. Jeg "lærte" i dag på facebook at i Danmark heter det både Kristi Flyvfart og Krist Rumfart. Og dermed åpnes det uante muligheter for inntekt i all (u)overskuelig fremtid...

    SvarSlett
  5. Holten: Eg kan jo selje slike òg!

    Lady Mju: Godt tenkt! Eg trur det er nok av gode forretningsidear å hente her for driftige menneske som oss.

    Kaptein: Og du er ein...?

    SvarSlett
  6. Det ser ut som om deler av gothscenen allerede har tatt oppfordringen din!

    http://pyroklastisk.blogspot.com/2009/05/tilbake-til-grasrota.html

    SvarSlett
  7. Ja, dei er jo alltid opptatt av å vere først ute med det siste ;-P

    SvarSlett