fredag 22. mai 2009

Det er frå sine eigne...

Det er sant som dei seier, det er tydlegvis frå sine eigne ein skal få høyre det. Det vart klart då Siv Jensen gjekk opp på talarstolen på FrPs landsmøte i dag. Det heile vart vist på direkte over internett, til stor glede, og tidvis smerte, for dei mange politisk interesserte sjelene der ute på verdsveven. På landsmøtet vart det i dag klart at Siv Jensen si tittel ikkje skulle vere formann, men leiar, og det var nok dei i salen som tykte det trist at den foreslåtte tittelen Førarinne vart nedstemt med ein overdøyvande fleirtal.

Mine tankar gjekk difor naturlegvis til den såkalla Trollmannen frå Os, den ikkje lenger så unge Terje Søviknes som var den første FrParen valt til ordførar i ein kommune. Han var lenge den mykje elska kronprinsen i partiet, klar til å ta over for Carl I. Hagen når han ein dag skulle troppe av. Så rakna det heile, då kronprinsen vart ferska ikkje berre i å bedekke ein 16-åring, men i å ha skjenka henne full og utnytta henne på eit landsmøte. Siv Jensen grein sine bitre tårer over hans løgner på fjernsynet, sjølv om ho allereie visste om forholdet, og tryggja sin posisjon som nestleiar og no leiar for partiet, medan Terje, stakkars, måtte nøye seg med å skalte å vralte over Os kommune med i overkant 50% oppsluttnad blant sine likesinna der.

Alt såg ut til å fungere bra for ordførar Terje, det var økonomisk framgangstid, og han stod fritt til å selje unna kommunens eigedom og investere pengane på børs. God marknadsliberalistisk økonomi kunne han fortelje, på tross av åtvaringar frå mellom anna bygdas mulla, og det var det. Så kom det lille fallet, og pengane investert på børs gjorde eit pent forsvinningsnummer.

Så sitt vi her, og ser på landsmøtet direktesendt på PCen, medan Siv Jensen presenterar venindeflokken sin for publikum. Alle desse brave kvinnene som representerar FrP sine verdiar i kamp mot dei slemme sosialistane. Og så kjem det torden. Torden mot muslimar og deira medløparar. Og torden mot regjeringa og deira økonomiske politikk. For i staden for å investere i veger og eldreheimar, har sosialistane satt oljepengane på bok, dei har investert dei på børs, og kasta vekk ein liten handfull millionar.

Fy, seier Siv Jensen strengt, du gambler ikkje vekk nasjonens formue på børs. Dette er dårleg økonomisk politikk. Og noko heilt anna enn det FrP ville ha gjort, og vil gjere når dei kjem til makta.

Og ein stad der ute, enten i salen eller heime på trona i Os, sitt ein trollmann, han stakkars Terje, og krymper seg litt. For det er frå sin eigne ein skal få høyre det.

9 kommentarer:

  1. Nå blir de sikkert sure på språkpsykologisk. Hvor mye jobb er det å fjerne et bilde (av Siv Jensen) og så fjerne litt bildetekst (Formann)?

    Og ikke minst: Hva skal de erstatte det med?

    SvarSlett
  2. Godt sagt! Ikke rart jeg har Lilly Allens sang F... You på hjernen om dagen...

    SvarSlett
  3. Jeg blir faktisk helt dårlig av den dama der. Det valgprogrammet deres og dama selv er satt på lavkarbodiett tilsatt grandiosakrydder for å passe flest mulig fram til valget. Noen må ha fått påsatt kjevelås i samme slengen vil jeg tro for å ikke ødelegge for Lyntoget Siv som har planlagt ankomst Løvebakken stasjon i september.

    SvarSlett
  4. HvaHunsa: Sikkert ikkje mykje jobb. Du får sette i gang.

    villeple: Høyrdes ut som ein litt vulgær song.

    Undreverset: Eg veit ikkje om det passar flest mogleg eg. Det er sjeldan eg er einig med dei i noko som helst ;-P

    SvarSlett
  5. FrP lurer langt flere enn vi er klar over, Mad Mullah Hastur. De bobber og spiller på folks frykt og følelser.

    SvarSlett
  6. Nok ein av grunnane til at eg forlot politikken, og via meg til å vere ein online mulla.

    SvarSlett
  7. Jeg? Det er heldigvis ikke jeg som er ansvarlig for forelesningsmaterialet på PI. Men gode forelesere, stort sett. (Bedre enn på PFI, men det er mellom oss)

    SvarSlett
  8. Du veit at dersom du vil ha gjort noko rett, så bør du gjere det sjølv ;-P

    SvarSlett