tysdag 26. mai 2009

Det var ingen søndagsskule

Etter 103 år på denne kloden, har altså Haakon Lie valt å forlate denne verda til fordel til kva enn utfordringar som ventar han på andre sida. Ein kan jo spørre seg sjølv korleis dødsriket vil takle hans harde linje mot all form for tanke som avvikar frå hans eigen, og hans ivring for å overvake dei same.

Eg må ærleg innrømme at eg trur at dersom nokon er i stand til å vende attende for å heimsøke folk, så er det denne mannen. Politiske motstandarar i heile landet bør vere obs og sjekke under senga og i klesskapet ei stund framover, berre for å vere sikker på at ikkje Haakon Lie har gøymd seg der med skumle hensikter.

Når statsmenn som Haakon Lie døyr, står alle i kø for å snakke om kor mykje bra dei gjorde og korleis dei var barn av si tid. Til dei som forventar dette frå meg, må eg nesten beklage på det djupaste, men det skjer ikkje. For all del, alltid trist at "dei som bygde Noreg" døyr, og eg er fullt klar over hans bidrag til dette, men eg er òg klar over kva skade mannen gjorde på det politiske liv i Noreg, og på hans eiga parti.

Hans uforsonlege haldning overforalt til venstre for... uhm... han sjølv? Resulterte i grove utspel mot partifeller, og til slutt ekskludering av sosialistane. Hans utrettelege kamp mot den raude fare førte til ulovleg politisk overvaking av kreti og pleti, arbeidsnekt og stigmatisering av alle av ein radikal legning i dette landet. I hans bruk av totalitære midler for å "forsvare demokratiet", gjorde han ikkje anna enn å skyve radikal ungdom over til Leninisme, Maoisme og Stalinisme. Hans framgangsmåte avslørte demokratiet som ein fasade som berre gjeld om du ikkje ønskjer å stille spørsmål ved samfunnets fundament, og dette garanterte at elles oppegåande radikale vart oppslukt av totalitære udemokratiske røyrsler.

Så nei, eg vil ikkje bruke mykje tid på å prate om kor misforstått Haakon Lie var. Eg trur han gjorde seg veldig godt forstått, som han i si tid sa til Gerhardsen: "Arbeiderpartiet er faen ingen søndagsskole!"

Nei, sanneleg, men religiøs underkasting til sankt Lie, det skal dei ha!

2 kommentarer:

  1. Her er vi helt på linje.
    Lie representerte alt jeg ikke liker ved arbeiderpartiet. Spesielt den totale vanrespekten for demokratiske prosesser.

    Det ville vært hyklersk av meg å si noe positivt om ham nå som han er død.

    SvarSlett
  2. Og hyklere vil vi jo ikkje vere, sant?

    SvarSlett