laurdag 9. mai 2009

Friskt ord prisen annonsert!

I kjølvatnet av galskapen med Nina Karin Monsen har Dodofuglen tatt på seg sjølv å opprette ein ny pris til for å
"fremme det friske ordskfte. Vårt fremste formål er å verne om og styrke ytringsfriheten og dens vilkår i Norge, særlig ved å stimulere det høylytte, det usaklige, det fjollete, det absurde, det merkverdige, det markskrikerske og det knekkebrødsprø i det offentlige ordskiftet."
Eit verdig tiltak vi sjølvsagt støttar, særleg sidan det er valår og ein kan vente seg litt og kvart frå desse såkalla politikarane våre. Eg held ein knapp på at Pensjonistpartiet og FrP vil kjempe om friske utspel, tett etterfølgd av Venstre. NorgesPatriotene har òg ein god sjanse, dersom dei klarar å stave seg gjennom ein offentleg uttalelse til pressa.

Eg kan ikkje seie anna enn at eg gleder meg. Spring bort og nominer kandidatar for mai.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar