fredag 8. mai 2009

Heil Dönitz!

Det er ikkje lett å vete kva ein skal seie på ein slik dag. Frigjeringsdagen. Undergangen. Avhengig av kva side av gjerdet du satt på. Vel, dei fleste satt vel strengt på den vinnande sida, særleg om du spør dei i ettertid. Ingen likar å henge med taparane, utanom dei mest håplause nostalgikarane som alltid lurar på kva som kunne ha skjedd.

Så eg veit verkeleg ikkje om eg kjem til å kommentere dagen, det meste er jo blitt sagt, er det ikkje? Så la oss konsentrere oss om noko anna. Det gløymde namnet denne dagen. Karl Dönitz, den partiuavhengige admiralen i den tyske flåten. Som etter Adolf "Doffen" Hitlers død 30. april tok over som Tysklands førar. Den 7. mai gav han ordren om betingelseslaus kapitulasjon. Karl Dönitz var Tysklands siste førar, men er som oftast gløymd i disse dagar.

Så difor vel eg å nytte høvet til å minne alle om mannen som faktisk stogga krigen på vegne av det tyske folk.


Og for all del folkens, ha litt sympati med fyren, gje han ein liten Heil Dönitz så har han noko å fortelje borneborna.

3 kommentarer:

  1. Må nesten dra en forsiktig liten Heil Dönitz jeg og - han snakket forøvrig bra engelsk =)

    SvarSlett
  2. Heil Dönitz!

    (Ah,dette føltes godt ut)

    Tolo Von Grunge

    SvarSlett