tysdag 5. mai 2009

I protest mot Nina Karin Monsen


Ein kan seie mykje rart om Nina Karin Monsen og tildelinga av Fritt Ord-prisen. Kritikken har hagla (gjerne på fullstendig feil grunnlag) og dei modige annleistenkjande, i det politisk ukorrekte namn har tatt henne i forsvar (på tross av å ikkje ha lest kva Monsen faktisk skriv).

Om Fritt Ord ønskte å skape debatt om prisutdelinga, så har dei klart det, men eg veit framleis ikkje om det er sant at all PR er god PR. Her skal dei i allefall få meir PR, for i Bergen og Oslo i dag markerast det motstand mot prisutdelinga klokka 1800.

I Oslo kan du møte på Kristian Fredriks plass ved Oslo S.

Og er du blant dei heldige som bur i Bergen, så møtar du på Torgallmenningen.

Eg oppmodar alle som ein gong har fått sveittetokter eller har dånt når dei har lest ein av Nina Karin Monsen sine kronikkar om å stille opp. Det burde ikkje vere så få, sjølv blant dei som var i mot den nye ekteskapslova.

Vel møtt folkens, la oss ta til ordet for ytringsfridom og god debattskikk.

(Biletet over er behørig stolen frå avdukinga av heksemonumentet på Anda; eg tykkjer det var passande)

4 kommentarer:

  1. Jeg er ikke helt sikker på om jeg synes det å demonstrere mot en pristildeling er god debattskikk. Fritt ord er en privat stiftelse og frie til å kaste penger etter hvem de måtte føle for.

    Hva er demonstrasjonenes poeng? At de bør nektes dette? Det er i så fall farlig totalitært. Hvis det kun er at det er en teit tildeling, burde man i hvert fall ikke gi den denne type oppmerksomhet.

    SvarSlett
  2. I utgangspunktet er einig med deg i det, men eg tykkjer òg at det er bra at folk gjev beskjed om kva dei tykkjer om slikt. Protestar er ein form for ytring det òg.

    SvarSlett
  3. Selvsagt er det en ytring. Men er det noe Fru Nonsens' har vist, er det at ikke alle ytringer er like prisverdige.

    For den saks skyld er det å kaste masse penger etter en fæl dame også en ytring. Og den vil altså demonstrantene ha stanset.

    SvarSlett
  4. No må ikkje du gå i den fellen at du antar at ein kvar ytring i protest mot noko er eit ønskje om å forby det same ;-)

    Fritt Ord får gjere som dei vil, men vi andre må få lov å gje beskjed at dette òg vil sverte deira omdømme. Vi ønskjer at Fritt Ord skal tenkje seg om.

    Det er ikkje verre enn din forargring over litteraturfestivalens invitt av David Irving ;-)

    SvarSlett