tysdag 19. mai 2009

Ingen tam-tam og tyrkisk folkedans!

Det er val folkens. Snart. Og ikkje eit kva som helst val. Dette er valet der FrP skal marsjere taktfast inn i regjeringsposisjon. Dei har målet klar, Siv Jensen som Rikskanslar... eg meiner Statsministar. Intet mindre enn det vil dei ta til takke med.

Då gjeld det å ha strategien klar. Korleis førebu folk på dette? Hittil i år har snikislamisering stått på plakaten, med eit par ekstra innspel om å leggje ned Statens lånekasse for utdanning. Og det ser ikkje ut til å at dei skal verte noko tammare. No er det faktisk tam-tam-speling og tyrkisk folkedans som skal til pers. Det vert nytta altfor mykje penger på det eg antar dei meinar er "framandkulturelle kulturtilbod", altså innvandrarkultur. I disse tider, kunne dei fortelje på radioen, er det viktig å prioritere styrkjinga av den norske kulturen.

Ja, det virker jo ikkje særleg overraskande. Dei vil prioritere eit tilbod brukt av "nordmenn", og ikkje bruke pengar på dei "framandkulturelle". Dette er kjende toner frå dei.

Men vent no litt, kva seier dei no eigentleg er årsaka?
"Det er blitt flere nordmenn på «tam-tam-kurs» på statens regning og flere på tyrkisk folkedans med offentlige midler. Spesielt ved Mangfoldsåret 2008 ble det pøst ut millioner av kroner på slike kulturtiltak. Det er noe stort tull å bruke skattepenger på slikt."
Aha!

Altså vil FrP no gå inn for at staten ikkje skal betale for at "Nordmenn" opplev "ikkje-norsk" kultur. Slutt på offentleg støtte til innblikk i resten av verda.

Ja, Gud forby at vi faktisk får vete noko om resten av verda.

Takk FrP, for at de slår eit slag for å beskytte meg og alle andre bleike Nordmenn mot den fargerike verda der ute. Eg berre lurar på om dette òg tyder slutt på subsidiering av kinoar som først og framst visar engelsktalande film?

Eg skulle tru dette burde nominere FrP til Friskt Ords pris for mai, og det er neppe første gong i år.

2 kommentarer:

  1. Då NRK i 17 mai-sendinga si intervjua ein Frp-politikar i Drammen grunna bystyret sitt vedtak om ikkje å tillate gateseljarar med heliumsballongar på fedrelandsdagen grunna store mengder aluplastnedfall tidlegare år,spurde reporteren om dett var grunna ei hittil ukjend frykt i partet for snikballongifisering.

    SvarSlett