torsdag 14. mai 2009

Internett: Korleis du ikkje gjer det.

Ja, det storma for fullt for litt sidan då Terje Pedersen kom i fare for å kalle ein ung elev på medielinja for drittunge då han klaga over at han ikkje fekk kjøpe musikken han ville ha fordi han budde i Noreg. Terje Pedersen, som er manager i Warner Music i Noreg, kraup til korset så snøgt han kunne, og ære vere han for det, men det var nok for seint for å redde det heile frå ein PR-fadese... men han kan trøyste seg med at det ikkje er hans feil. Han, på lik linje med resten av musikk- og filmbransjen har for lenge sidan mista grepet på kundane sine.

Etter stadige restriksjoner på kjøp og sal av kulturprodukt på nett, er det siste utskotet på treet at gratis innhald no vert nekta sett og høyrd utanfor USA. Enten det no er på Spotify, Youtube eller Comedy Central sine sider så får du simpelthen ikkje sett det som er meininga at du skal sjå der fordi du bur i feil del av verda. Internett, som var grenselaust og statslaust har no fått grensar, takka vår velmeinande herrar i storkapitalen. Og ikkje nok med det, dei vil kontrollere alt du gjer med musikken som dei utgjev, uavhengig av det artistane tykkjer. Ein venn av meg hadde laga ein Sims-video, og den forsvann sjølvsagt frå Youtube under det nye regimet, for han eigde ikkje rettane til musikken. Om musikarane hadde noko i mot det bryr ikkje storkapitalen seg om. Heller ikkje om den stakkars jenta som syng den siste popschlägeren framfor kamera og lastar det opp på same Youtube. Det må vekk, roper dei store plateselskapa, ho truar våre sal.

Så la oss vende attende til Warner Music då, for det var det eg hadde tenkt å skrive eit par ord om. Warner har litt problem for tida, for om du går inn på sider til band og labels dei eig for å sjå på musikkvideoer så får du ikkje det. For du skjønner, videoene dei sjølv har lagt ut på Youtube er tatt ned, og alt du får er ein beskjed om at det er på krav frå eigarane...

Warner Music har altså krevd at Warner Music må fjerne musikkvideoane sine frå Youtube
.

Greit, det er litt meir komplisert enn som så, for kjeltringane i Warner Music har krangla med Youtube fordi dei vil ha ein del av profitten frå sida for at videoane deira skal liggje der... men det endrar ikkje det faktum at denslags er einstydande med å skyte seg sjølv i foten. Og det er noko bransjen har gjort mykje av i dei siste 10-15 åra, og foten ser meir ut som ein sveitserost etterkvart.

Så for all del, la oss ikkje henge oss opp i drittungesaka, la oss ikkje plage Warner. Dei plagar seg sjølv meir enn nok, og det er lenge sidan eg var interessert i ei einaste plate med ulyder dei prøver å kaste etter folk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar