søndag 10. mai 2009

Kle deg for prokrastinasjon!

Etter å ha tilbragt heile helga med å skrive, med alle dei enkle distraksjonane som finnes (frå klesvask til dataspel til tv-seriar), så er det eit ord som naturlegvis dukkar opp: PROKRASTINASJON.

Det å utsette. Og utsette. Og utsette. Ein skribents verste fiende, og mest intime sengefelle. Ja, prokrastinasjon er faktisk ein viktigare del av skribentens liv enn shotglaset, det er eg sikker på. Så kvifor ikkje kle seg i henhald til det?
Denne revolusjonære skjorta kan du kjøpe her. Så snart du kan... I morgon... eller noko slikt.

(Takk til Lady Mju for tips)

3 kommentarer:

  1. artig. er litt opptatt nå, skal kommentere senere.

    SvarSlett
  2. Og dette som skulle vere ein slik stille revolusjon. På denne måten blir vi jo avslørt og det altfor fort. Nei og nei...

    SvarSlett
  3. Daniel: *fnis*

    BM: Vi får dekke det til då... etterkvart.

    SvarSlett