torsdag 7. mai 2009

Lekka Star Wars intro!

Som dei fleste har fått med seg allereie, så held George Lucas på å lage TV-serie basert på dei populære Star Wars filmane. Dette vil vere spelefilmserie, og kjem i tillegg til den pågåande animasjonsserien Clone Wars. Vi veit litt om serien, men detaljane har hittil vore lite avklart og det har ikkje vore sluppe noko faktisk materiell frå serien. Folk svelt med andre ord etter godbitar.

Tryggleiken rundt prosjektet er like stram som alltid, men eg kan med glede meddele at eit utkast til introsekvensen har blitt lekka ut, og har komen meg i hendene. Eg må ærleg innrømme at det ikkje er det eg hadde venta, men eg er likevel imponert:

Det er tydeleg at dei har lært av ein viss klassisk TV-serie når det gjeld utforming og musikalsk retning, men det er jo ikkje noko gale i det vel?

10 kommentarer:

  1. Ja, det hadde vore noko, det. Heile gamle gjengen tilbake for å gjere Star Wars the series - 30 years after.

    Den musikalske retninga har eg derimot vanskeleg for å svelge. Fysjom.

    SvarSlett
  2. Apropos videoer, er jeg litt nysgjerrig på hva Mullaen anser om videoen partiet Rødt lanserer i dag.

    SvarSlett
  3. BM: Den musikalske retninga er simpelthen perfekt spør du meg, og er absolutt toneavgivande for kva eg ønskjer meg av serien.

    Lord Bassington-Bassington: Kan ikkje ein stakkars mulla berre stikke hovudet i sanden og late som ingenting?

    Eg trur ikkje dette er arenaen for dette, ettersom eg ikkje er førebudd på å utstede noko fatwa. I utgangspunktet så tykkjer eg det er litt uheldig retorikk dersom ein skal framstå som ansvarsfulle. Min skepsis til den norske motstandskampen til side, så er situasjonen for kompleks til at den kan tilfredsstillast med enkle samanlikningar av "heltar" og rop om å kalle soldatane heim.

    Resten, om du vil, kan vi ta på mail.

    SvarSlett
  4. Jeg tror vi bør ta det over en øl!

    Grunnen til at jeg spør, er at den videoen er langt villere enn noe jeg forventet meg fra Rødt. Jeg oppfatter det som en utmelding ikke bare fra Norge, men fra virkeligheten.

    SvarSlett
  5. Du veit mullaen ikkje drikk øl, så eg tolkar det som unnfallenhet ;-)

    Den er ikkje så vill, eg hadde venta langt verre ting med tanke på dei reaksjonane folk har hatt. Samanlikna ramlar jo saman på at sjølv om vi ikkje likar okkupasjonen av Afghanistan, så likar vi heller ikkje dei falskskjeggede busemennene som utgjer brorparten av motstanden heller.

    Som i alle andre konfliktar er det lett å finn bad guys, medan good guys ser ut til å utebli fullstendig.

    SvarSlett
  6. Det beste er jo det utspillet som ligger på sidene deres og som de litt desperat forsøker å formidle i media om at "altså, selv om vi sammenligner Taliban med Max Manus så sammenligner vi ikke de norske styrkene med nazister..."

    Pingler! De skulle like godt ha sagt det rett ut: Norsk sanitetspersonell i Afghanistan kan sammenlignes med Josef Mengele.

    SvarSlett
  7. No blandar du vel litt? Norsk sanitetspersonell driv jo ikkje med medisinsk forsking, med med førstehjelp og slikt. Dummen ;-D

    SvarSlett
  8. Jeg sier som jeg sa borte hos Friskt Ord: Min teori er at Moxnes og de som har laget den filmen for Rødt egentlig er trotskister som har infiltrert partiet for å ødelegge det, og deretter innrullere restene av kadrene i Internasjonale Sosialister. Eventuelt at David Ickes romøgler har noe å gjøre med saken. Eller at de alle sammen har vært under innflytelse av sterke sentralstimulerende stoffer og jobbet med filmen i det skjulte uten at noen andre har visst om det.

    Ja, jeg vet at disse teoriene kan høres urimelige ut. Men ikke så urimelige som at voksne mennesker med en viss politisk erfaring har fått det for seg at dette stuntet skal få nordmenn til å stemme på Rødt.

    SvarSlett
  9. Eg trur ikkje Trotskistane treng å jobbe så hardt med å infiltrere eit marxist-leninistparti som har kasta ut maoistar og tar avstand til Stalin.

    Når det gjeld videoen så forstår eg kvar dei vil hen med logikken. Det er dei av oss som er fortvila over at norske soldatar skal delta i ein okkupasjon på ordre frå ein framand makt.

    Diverre er det ikkje rette måten å gjere det på om ein skal bli tatt seriøst.

    Hadde eg gjort hadde det ikkje vore noko problem, for eg ønskjer ikkje å verte tatt seriøst ;-P

    SvarSlett
  10. Joda, vi er nok ganske enige der. Diskusjonen om norsk deltagelse i Afghanistan og konsekvensene av den er viktig.

    Det er formen som er så hinsides. Det er nesten som om de har immunisere seg mot å bli parodiert.

    SvarSlett