søndag 31. mai 2009

Red Cliff - tankar om ein film.

Eg hadde eit besynderleg anfall, og denne fredagen fann eg meg brått i ein kinosal, der dei viste John Woo sitt nye filmatiske verk, Chi bi - Red Cliff.

Ein ting først. John Woo er ikkje kjend for sine sterke plot. Slik er det berre. Ser du ein John Woo-film, så kan du berre vente deg action. Og mykje av det. Gjerne med stilfull filming, og folk som kastar seg gjennom lufta i sakte kino.

Og det var det du fekk med Red Cliff òg. Du vil like vel verte overraska av ein ting. Det er ikkje så mykje sverdkamp i filmen som du skulle vente.

For i denne filmen går det mykje i spyd. Lange heftige, skarpe spyd som spidder folk i hytt og pine.

Red Cliff er ein rad med heftig koreograferte kampscener satt til ein borgarkrig i Han-dynastiet. Den slemme førsteministeren erklærar krig mot dei fredselskande herremennene i dei sørlege provinser. Med oddsa i mot dei kjemper dei for fridom og for å redde sivilbefolkinga frå førsteministerens enorme hær. Alt saman berre tidvis avbrudt av poetiske scener der karakterar og mellommeneskelege forhold.

Filmen kulminerar i ei rekkje enorme slag der tusenvis av menn kastast mot kvarandre i blodige kamp, og tusenvis fell (stykkevis og delt) mot bakken. Dette er storstilt film på sitt allar beste, og ein vert minna om dei gamle "sand & sandal"-filmane, der hundrevis av statistar vart tatt i bruk for å gje liv til fortida. Og det heile får meg til å tenkje...

... Det er frykteleg mange kinesarar der ute. Seriøst. Det var eeeeeenorme mengder statistar involvert. Eg visste det var mange kinesarar der ute, men hjelpe meg... dette var overveldande. Litt skummelt.

Og nei, ingen kommentarar om digitale figurar som alle ser like ut. Det ville ikkje vore pent...

2 kommentarer:

  1. Jeg likte Red Cliff (1 og 2) veldig godt... masse flotte kampscener og idyllisk landskap. To filmer jeg gjerne ser om igjen :)

    SvarSlett
  2. Joda... men det ar frykteleg mange kinesarar, var det ikkje?

    SvarSlett