onsdag 20. mai 2009

Å tale arbeidarklassens språk

Sjølv om ein gjerne skulle tru at ein kva tid som helst skulle vakne frå dette marerittet, så må ein kanskje ta innover seg realiteten. FrP trampar inn dørene og kjem seg i regjeringsposisjon til hausten. Det er ikkje anna å vente med så dvaske politikarar vi har produsert i dette landet, men det er vel framleis dei som lurar på korleis dette kan skje.

Det er ikkje fordi dei har noko gode saker eller argumenterar bra for dei, sjølv om det hender at det skjer. Og det er ikkje berre fordi dei leflar så intenst med rasisme og brune ideologiar at dei allereie har klippa hol i lakena sine til neste bygdefest. Det er litt difor, men ikkje berre.

Det viktigaste er at dei talar til arbeidarane på deira eiga nivå. Dei når fram til arbeidarklassen på eit vis som dei ivrige revolusjonære i Raudt, barnehageradissane i SV og sosialøkonomane i AP ikkje klarar. Dei kan snakke deira språk langt betre enn kva enn det er som befolkar partimøta til Venstre, kristenpietistane i KrF, dei subsidierte bøndene i Senterpartiet og pappagutane i Høgre nokon sinne vil prestere.

Det handlar om kommunikasjon. Det handlar om image. Det handlar om å framstå på eit vis som tiltalar den gjengse industriarbeidar, røyrleggjar, trailersjåfør eller handverkar. Det gjeld å framstå som tiltalande for dei, og det gjeld å framstå som ein av dei. Dette kan FrP politikarar som Siv Jensen. Berre sjå på dette:
I dette stuntet, ein jus-maraton av eit slag, presterar altså Siv Jensen ikkje berre å vise rumpe til den mannsdominerte, og rumpeglade, arbeidarklassa, ho uttrykkjer og solidaritet med røyrleggjarane som har gjett namn til dette klassiske uttrykkjet for arbeidarklasseidentitet: Røyrleggjarsprekken.

Ein må bøye seg i støvet for dette meistarlege visuelle grepet frå Siv Jensen, og vi forstår godt at dette er kvinna som kjem til å storme inn i posisjon som Rikskanslar... eg meiner Statsministar til hausten.

(Takk til min lille gule venn, Made in Seoul for biletet)

3 kommentarer:

  1. Hadde hun alltid gått i det antrekket hadde jeg lett stemt på henne.

    Og jeg har aldri stemt i mitt liv. Go Siv!

    SvarSlett
  2. Og så jeg som ikke trodde Frp hadde sparegris...

    SvarSlett
  3. DUHH: Viktig å stemme på ei god rumpe, ja. Politikken på Stortinget er jo allereie ræva i alt anna enn form?

    Neglecta: Nøff-nøff. Det minner meg om ei historie... som ikkje egner seg her.

    SvarSlett