tysdag 16. juni 2009

Ahmadenijad i skuggen

Medan det iranske folk burde vise omsyn til verda, og ikkje velje nye presidentar med namn som umoglege å uttale eller å stave, så burde kanskje vi her i vesten òg revurdere vår haldning til det som foregår.

Vi ser ein svolten folkemasse kaste seg over ein einsleg mann. Ein mann som ikkje har gjort anna enn sitt allar beste i ein vanskeleg situasjon. Vi må jo forstå det at det er ikkje verdas enklaste ting å styre Iran.

I forhold til andre "skurkar", enten det no er Kim Jung-Il, Osama bin Laden, Moammar Al-Ghadaffi og Saddam Hussein, så hamnar han gjerne litt i skuggen. Han har klart å terge på seg amerikanarane med sin eksentriske og velkledde framtoning, men det har ikkje vore heilt det store. Litt som ein kald krig, som aldri vert varmare enn litt ukvemsord.

Likevel ser det ut som om opinionen internasjonalt er heilt i mot han, som om vi framleis er irriterte over at han har eit vanskeleg namn. Som om vi aldri tilgav han at han gjekk frå sitt opphavelege artistnamn (meir om det straks). Det som overraskar mest er kanskje dei sjølverklærte musikktilhengjarane som er ute etter han. Det virker litt bissart at han til stadig skal stå litt utanfor det gode selskap blant musikkfans, på same vis som han er på utsida av det gode selskap av skurkeaktige statsleiarar. Kva er det med han som gjer at han alltid havnar i skuggen? Det er klart, trommeslagaren er aldri like prominent som ein gitarist eller vokalist, men han har like mykje krav på sin plass i musikkhistoria som John Lennon og Paul McCartney.
Eg meiner at Ahmadenijad forten meir respekt enn han får for sin musikalske karriere, simpelthen. Under sitt tidlegare artistnamn, Ringo Starr, skapte han eit popkulturelt fenomen som verda knapt har sett makan til sidan. Som ein del av Beatles oppmoda han ungdom verda over til å kle seg anstendig og ha halvlangt hår. Og då, som no, fekk han kvinner til å hyle, berre ved å vise seg fram.

Er det rart at han ville halde fram å gje av seg sjølv til verda? John Lennon byrja tidleg for å spre verdsfreden, medan John McCartney via livet sitt til krøplingar og anna humanitært arbeid. Alltid i skuggen av sine medmusikarar via Ringo Starr seg til den iranske revolusjonen, og vonet om å skape ein ekte rock & roll nasjon, eit land der konserten aldri tok slutt. Dei siste åra har han via til produksjonen av eit nytt album, som han spøker kom til å treffe verda som ein atomeksplosjon. For til sjuande og sist vil Ahmadenijad alltid vere ein Beatle, og hans fremste mål er Peace & Love. For Iran. For midtausten. Og for verda.

Ringo Ahmadenijad Starr... den evige "outsider" kjemper tydlegvis ein forgjeves kamp mot å verte satt i skuggen nok ein gong. Det neste er vel at John McCartney arrangerar ein veldedighetskonsert i protest mot sin førre trommis, og no president av Iran.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar