måndag 29. juni 2009

Det store livsrommet

Ein av dei ærverdige Brødrene i Forbundet var nyleg attende i das Vaterland, for å puste i lufta til sine forfedre. Turen gjekk som vanleg til Nürnberg-området, der hans ætt opphaveleg stamma frå, og som hans familie i si tid forlot, relativt upopulære, i 1945.

Det er alltid med litt nerver Forbundsbroderen vender attende til sitt urområde, han veit aldri kva han kan finne, eller kva han vert reven med av... som den gongen han vitja den store stadionen i byen... Det er altså ei heilt anna soge.

Denne gongen kunne han rapportere at i den lille byen Lauf utanfor Nürnberg, vart dei gamle draumane haldt i hevd. Av møbelindustrien.
Ein liten sjarmerande butikk som skrik ut "Wir machen Leben schöner", han såg den brått i augenkroken og vart fullstendig fortrylla. På ny bobla draumen om ekspansjon austover i blodet hans! Lebensraum! Ropte han. Lebensraum!
"Natürlich wohnen und schlafen", å bu og sove naturleg. På austfronten. På dyrt erverva landområde aust for Prøysen. For Polen. Heilt ut på Balkan. Der skulle han bygge, der skulle han bu.

Vi var av denne årsak nøydd til å kalle Forbundsbroderen attende til sitt eksil på vestlandskysten av Noreg. Blodets kall var framleis for sterkt, til at han kunne takle denne sjarmerande lille interiørbutikken i Lauf, utanfor Nürnberg.

Vi meir sindige Forbundsbrødre lurar litt på kva butikkeigaren hadde i tankane...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar