torsdag 11. juni 2009

Det vert oppmuntra til gruppesex!

Eg har knapt etterlyst nominasjonar til Friskt Ords pris for juni, før nokon kastar seg over mikrofonen og sleng ubehørig med leppa. Den første nominasjonen er inne, og det er Hanne Nabintu Herland som rykker inn i ein klar favorittposisjon på ei forsamling i regi av KrF i Trondheim. Den såkalla religionsvitaren har tidlegare slått på stortromma med full forståing for at afrikanarar valdtar norske kvinner når dei kjem til landet, og at Noreg utan tvil er eit rasesamfunn.

Denne gong er det òg kvinna som skal få gjennomgå av hennar friske innspel, og ho er nominert for mellom anna følgjande gullperle:

“–Det er på tide å gi opp kvinnekampen. Det er så mange fæle norske kvinner. Noen ganger skal kvinner være stille og gjøre som mannen sier. Jeg forstår godt at norske menn heller vil ha russiske og thailandske koner. De liker i det minste sex og er gode til å lage mat, sier Herland foran den lydhøre, overveiende kristne forsamlingen. Jeg lurer på hvordan hun kan vite at russiske og thailandske kvinner er mer glad i sex og bedre kokker enn andre, men den dokumentasjonen kommer ikke.”
Eg må seie eg òg sett pris på hennar avsløring av vårt kollektive moralske forfall:

"–Vi lever i et hedonistisk samfunn. Folk er samboere, først med den ene, så med den andre. Det oppmuntres til gruppesex, fortsetter hun."
Korleis kan eg ha gått glipp av all denne gruppesexen?! Eg trur eg sitt for mykje på kontoret gitt! Det er i alle fall ikkje tvil om at

"Kristne, norske verdier er på kanten av stupet. Europa er på kanten av stupet"
Vi sitt berre att med tre moglege forklaringar; Enten vil ho verkeleg vinne Friskt Ords pris, eller så er ho grovt feilsitert.

Eller så er ho tidenes mest vidunderlege kvinne!

Dette er i alle fall ein soleklar nominasjon!

4 kommentarer:

  1. Det her var jo rett og slett ganske spenstig. Dersom hun ikke er feilsitert vel og merke.

    SvarSlett
  2. Ja, det er nesten for bra til å vere sant! Heia! Heia!

    SvarSlett
  3. Det aller beste er jo at hun sannsynligvis bare må gifte seg med deg om du ber henne, det er jo viktig at kvinner lar menn bestemme slike ting. Du har en fabelaktig fremtid i møte!

    SvarSlett
  4. Og her i moskeen er jo mottoet: "Kvinne, gjer som du får beskjed om, så vert du lukkeleg!" ;-D

    SvarSlett