måndag 1. juni 2009

Ei forstyrring i krafta

Ståpels og frysningar.

Som nokon gjekk over grava mi.

Som om millionar av sjeler som skreik ut i skrekk, for så å verte tyste.

Det var ei forstyrring i krafta.

Det var ein panda som vart fødd.

Eg falt attende i stolen min her i moskeen, som av utmatting. Vel vitande om at Pandamonium var styrka med nok ein sjel, og at denne ikkje skulle verte spist av si mor. Ein krigar. Ein tyrann. Eit blodtørstig monster. Tida vil vise kva bornet til vidkjende Lin Hui og Chuang Chuang vert. Dagbladet kan melde at verken pandaporno eller slankekur var årsaka, men at det var fleirårig, og påkosta, behandling med kunstig befrukting som gjorde utslaget.
Ein siger for Pandamonium. Dei har nok ein gong demonstrert at dei er i stand til å få menneske til å gjere kva som helst for dei. Inkludert fråta dei den byrda som dei meiner seksuell aktivitet er. Kvifor skal dei ta bryderiet med å ha sex, når dei kan få sine menneskeslaver til å gjere alt arbeidet for dei? Dette er berre ein liten del av deira plan for slaverasen, som er namnet dei har for oss menneske, men ein essensiell del. Ved hjelp av sine villige slaver vil dei styrke sine tal, utan å løfte ein finger eller eit kjønsorgan, og slik få oss til å forråde oss sjølv.

Eg seier nei. Eg seier gjer motstand mot pandamonium.

Eg seier... klem til!
Eit lite skvis og vi er nærare fridom. 200 gram er ikkje så mykje... om nokre få år er den 150 kilo, nytt høvet medan vi har det.

6 kommentarer:

  1. Enig. Drep den nå, før vi har en pandami over oss!

    SvarSlett
  2. Godt å vete at du har sett lyset, Hjorthen!

    SvarSlett
  3. Det at pandaene har vore tullete nok til å starte eit Kiss tribute band (som for så vidt er ein strålande måte å overta dei vide massane på. Blod og sirkus, gorram it!) er nesten ein grunn til å støtte dei.
    Anyhew: kan dei egentlig gjere så mykje tammare i leiarskapen enn våre vanlege folkevalde?

    SvarSlett
  4. Våre vanlege folkevalte går ikkje aktivt inn for å utrydde brorparten av oss... dei gjer det berre ved eit uhell i såfall.

    SvarSlett
  5. Panda! :D

    No byrjar det å bli såpass med pandainnlegg at du kan lage pandakavalkade når det nærmasr seg nyttår igjen - og som eg kan henvise til ;) *rawr*

    SvarSlett
  6. Det vil berre tida vise, Kristin.

    SvarSlett