søndag 21. juni 2009

Ein rusbasert økonomi

Det omsettast for millionar i narkotika i Noreg, og ein høyrer fleire og fleire klage på at desse pengane går i lomma på brutale utanlandske langarar. Den norske økonomien er altså taparen i dette systemet. Norske ressursar, altså trygda til landets narkomane, lekker ut av landet som gjennom ein sil.

Dette er eit uomgjengeleg konsekvens av kriminaliseringa av meir potente rusmiddel, og ein stadig tøffare internasjonal marknad der valdlege kartell får meir og meir makt.

Vi har med andre ord oss sjølv å takke for denne økonomiske fadesen.

Eg vil likevel foreslå ei løysing på det heile. Meirverdiavgift. Moms.

Ja, det er vanskeleg å kreve inn moms på ulovlege varar; det skjer ingen registreringar, og etterkvart som seljarane i større og større antal er utanlandske kriminelle utan kjenskap til det norske skattesystemet, vert dette eit stort problem.

Eg vil difor oppmode alle kjøparane der ute til å ta eit ansvar. Eg antar sjølvsagt at fleire av mine lesarar er vanebrukarar (ein naturleg konsekvens av å vere lesarar her, på tross av at innleggja såvidt meg bekjend er skreven under påverknad av kokain eller syre), og eg ber dykk om å vere ærlege og betale meirverdiavgift på alle dine heroinkjøp.

Dette er enklare enn du skulle tru. Berre ta med deg kalkulator, og noter deg prisen du betalar for ditt valte rusmiddel. Rekn deretter ut 25% av dette (det er her kalkulatoren kjem inn, dette er særleg viktig om du hiv i deg knarken med ein gong...), summen du får kan du deretter sende i sjekkform til Dopmoms C/O Kemnaren. Og du kan ruse deg med reint samvit om at du har styrka norsk økonomi; helsevesenet, vegbygging og rusførebyggande tiltak. Godt for deg!

For til sjuande og sist var vel meirverdiavgifta meint å gjelde for luksusvarer, og narkotika er absolutt ein unødvendig luksus all den tid du kan ruse deg med realityshow på fjernsynet.

4 kommentarer:

  1. Tja. Hvis man skal slutte å kriminalisere potensielt inntektsgivende handlinger og inkludere dem i næringsliv ellers så ser jeg en bedre kandidat enn narkotikahandel - prostitusjon. Litt mer oversiktlig er den også.

    SvarSlett
  2. Dette har eg sjølvsagt diskutert lenge med Ruth, og vi vil kome attende til dette ved ei seinare høve.

    Vi er sjølvsagt tilhengjarar av legalisering av prostitusjon.

    Og sjølvsagt kjøp og sal av levande selunger for rekreasjonsbruk.

    SvarSlett
  3. Jeg bruker bare amfetamin og ecstasy ("når vi er i godt humør vi knipser her", som det heter i barnesangen). Betyr det at jeg bør finne en annen blog å lese?

    SvarSlett
  4. Vi er opne for alle former for rusbruk i denne bloggen, både som inspirasjon til å lese... eller som konsekvens.

    SvarSlett