onsdag 24. juni 2009

Framtidsretta forsking

Vi likar mykje av arbeidet som kjem frå Holocaustsenteret i utkanten av Oslo, eller Senter for Studier av Holocaust og Livsynsminoriteter (HL-senteret) som det heiter formelt. Tidvis finn vi likevel årsak til å vere kritiske til vinklinga og ideologien som ligg bak det heile.

Senteret starta opp i 2001, og i 2005 overtok dei offisielt Gimle, den gamle heimen til Vidkun Quisling. Året etter fekk dei selskap av den nesten obligatoriske Holocaustutstillinga på 800 kvadratmeter. Med ein slik setting kan ein forstå at fokuset på arbeidet gjerne ligg på Holocaust og andre verdskrig, framfor livsynsminoritetar. Og fokuset ligg på fortida, på det reint historiske.

Dette var nokre av problema som vart tatt opp i eit møte eg var i tidlegare i veka. Det var særleg fokuset på fortid som var eit kjerneproblem. Historisk forsking skal vel bidra til notid, såvel som å bane veg for framtida, meinte ein av møtedeltakarane. Og her var det Holocaustsenteret ikkje bidrog nok. Forslag kom på bordet for eit nytt tverrfagleg forskingsprosjekt som burde vere aktuelt for senteret under arbeidstittelen "Holocaust: Fortid, notid og framtid". For vi veit nok om kva Holocaust var, men veit vi nok om kva Holocaust er? Eller kva Holocaust kan bli i framtida? Her er det mykje arbeid som ventar oss, meinte møtedeltakaren. Her var meir enn nok av idear til å vidareutvikle for framtid.

Dei resterande møtedeltakarane bestemte seg på dette tidspunktet å drikke stille av whiskyen dei hadde framfor seg.

Men til sjuande og sist, var det semje om at det var minst ein kronikk til Aftenposten i dette temaet. Burde eg melde meg til å skrive den?

5 kommentarer: