onsdag 3. juni 2009

Friskt Ord Mai 2009!

Etter mykje neglebiting, sveitte og tårer har juryen endeleg kasta sine stemmer i den store bøtta. Bøtta har deretter vorte overlevert til eit profesjonelt bod som frakta den til ein konfidensiell stad der ei gruppe på topptrente apekattar har telt saman stemmene og vurderingane av dei ulike kandidatane for Friskt Ords pris for mai 2009.

Det er difor med stor glede at vi kan annonsere at alt er no ferdig telt og vekta, og ei avgjersle er tatt. Les juryformannens fortale her.

Og vinnaren av Friskt Ords pris for mai 2009 er... å lese om her.

Konkurransen var hard, og sigeren er vel unt. Alle som bidrar til å gjere det offentlege skiftet meir interessant forten ein pris, men vi har berre ein pris å dele ut i månaden. Så til dei andre nominerte vil vi rekkje ein stor takk, og oppmode dei til å halde fram. Det kjem nye sjansar. 12 i året for å vere presis!

Og eg minner om at vi no er tre dagar inn i juni, så det er berre å nominere månadens kandidatar her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar