onsdag 10. juni 2009

Gje mannen ein pris!

Såvidt eg veit så ventar ein stadig på nominasjonar til Friskt Ords pris for juni, men eg tvilar ikkje på at det dukkar opp noko snart. I mellomtida er det kanskje greit å tenkje litt på dette med prisutdelingar. Det vart mykje prat om Fritt Ords pris då den vart gjett til eit sprutsprø dame med emne til å terge på seg dei skeive og rare. Det kan umogleg vere det klokaste som er gjort, men merkelege priser er til stadighet delt ut. Her er det gjerne dei ulike Nobel-prisane som utmerkar seg. Vi satt alle i djup undring då Nobels fredspris vart gjeven til Al Gore for å ha laga ein imponerande powerpointpresentasjon. Noko som har fått meg til å lure på om eg burde bruke meir tid på det programmet, men hittil har eg ikkje hatt høve til å effektuere noko slikt. Eg var kanskje åleine om å undre meg om kvifor i hulaste den Sør-Koreanske presidenten fekk Nobels fredspris i si tid, men fleire undra seg nok då Arafat fekk den i lag med Peres og Rabin. Eg hugser at eg i min ungdom las i MAD at eg garantert visste at eg drøymde dersom Gorbatchev fekk fredsprisen... nokre år seinare gjorde han nok det. Det var mange som då vart urolege for kvifor eg gjekk og klaup meg i armen heile dagen.

Det er sjølvsagt ikkje berre fredsprisen som utmerkar seg. Neida, la oss ikkje gløyme at dei fem første amerikanarne som vann Nobels litteraturpris var alkoholikarar... det er berre ikkje like skandaløst eller spanande. Difor held vi oss til fredsprisen må de forstå.

Det artige er like gjerne kven som ikkje har fått den, men som i det minste vart nominert. I 1939 nominerte E.G.C. Brandt, den kjende svenske parlamentariken ein malar som hadde vendt seg til politikken i frustrasjon over den økonomiske krisa i Tyskland. Ja, han hadde sågar blitt både rikskanslar og førar. Den nominerte, ein viss Adolf Hitler, hadde i 1939 gjort fleire avtaler som, for å sitere den britiske statsministaren Neville Chamberlain, garantert "peace in our time!" Han var difor ein primakandidat.

Herr Brandt på si side, må vi fortelje, innleiia på 40-talet eit forhold med Agni Herdis Krein (1915-1990) ein gymnastikklærar og modell frå Moss. Det artige er at den same Agni var ein ivrig tilhengjar av den same Adolf Hitler (Doffen blant vennar), og arbeida aktivt for å fremje hans fredsskapande arbeid som spion i Sverige.

Det høyrer gjerne med til historia at sosialdemokraten Brandt trakk òg nominasjonen av Doffen kort tid etter han gjorde det. Om dette hadde noko med mengden av tropper han stilte opp på grensa til Polen skal eg ikkje spekulere i.

Alt ein kan lære seg i løpet av ein dag, ja?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar