laurdag 6. juni 2009

Heisrøyk

Ein kan seie kva ein vil om dei ulike røykelovene som har dukka opp gjennom tidene. Dei er sjølvsagt velmeinande, om enn i nokre tilfelle klumsete uliberalistiske. Dei er tufta på to ting, det eine er at samfunnet (les staten) har investert i di helse og er difor tent med at du tar vare på den, og det andre er at dine individuelle fridomar vert begrensa av fleirtalets komfort.

Uavhengig av dette, så har ein altså fått på plass ein del røykeforbod her og der. Og det har jo dei fleste fått med seg. Og utover det, så er det blitt meir og meir akseptert at røyking er uhøfleg. Og særleg i visse situasjonar er det uglesett - som heime hjå andre, i nærleiken av born, og i trange rom.

Så eg spør meg sjølv, kor forbanna tjukk i hovudet må du vere for å tru at det er greit å røyke i ei lita heis i ei boligblokk? Vel, eg spurde ikkje berre meg sjølv. Eg følte meg forplikta til å spørre vedkomande, der vi stod trykt saman seks stykker i same heis, og denne gjøken med sneipen i kjeften.

Alvorleg tala.

Og om du les dette, så mistenkjer eg at eg ved eit uhell reiv med meg testiklane dine på veg ut. Dei ligg i buskane utanfor bygget om du saknar dei.

2 kommentarer:

  1. Så, Mr. K., mistenker du alle som les bloggen din for å "ved eit uhell [rive] med meg testiklane dine på veg ut"? Bård

    SvarSlett
  2. Det er ubgeb Mr. K. her, berre herr H for Hastur! Din mulla!

    Og nei, eg trur du må lese det avsnittet om att ;-P

    SvarSlett