fredag 26. juni 2009

I ei verd utan Michael Jackson

Etter eit lengre møte i Forbundet i går kveld kom eg heim seint på kvelden for å høyre at popkongen og musikklegenden Michael Jackson var død.

Internett var full av spekulasjonar, i alskens retninger. Og det var sjølvsagt tilløp til enorme mengder sorg. Det var tuting, grining og RIPing for alle pengane.

Frå den mest fjollete fjortis til den mest hardbarka husmor var sympatien for denne mannen stor. Her var det om å gjere å vere først ute.

Og mest mogleg følsom.

Men så var han visst i live likevel! Det var berre koma! Michael vendte straks attende frå dei døde;

Men så var han død att då.

Oops. Frekke faen presterar å døy to gonger i løpet av ein kveld. Fullstendig i tråd med måten han oppførte seg i livet. Han skulle alltid vere spesiell, skille seg ut, overgå det mest. Å døy to gonger på ein kveld? Ikkje ein gong Jesus gjorde det!

Han var ein kontroversiell person, som gjennom stadige plastiske kirurgier endra utsjånaden på det grusomste, og vart kvitare og kvitare.

Biter byrja å ramle av mannen, og ein kan vel trygt seie at i natt døde stort sett berre den siste delen som var att... medmindre han vert fryst ned, slik det lenge er antatt at han kom til å verte.

I dei siste åra klarte han å trekkje merksemd til sitt enorme Peter Pan kompleks, hans heim var ein forskrudd versjon av Disneyland som tilfredsstilte hans barnslege sinn. Verre var det at hans forhold til unge gutar vart sterkt kritisert. Misbrukte han dei? Fleire hevda så. Fleire rettssaker fulgte. Skandale på skandale. Hadde han tafsa på dei? Eller hadde han berre sikla? Forskjellen på å vere forstyrra og ein forbrytar, ein pedofil og ein barnemishandlar. Vi kan jo umogleg vete, sidan hans advokatar har gjort ein god jobb med å leggje lokk på saka. Det einaste vi kan vete, er at sjølv om han ikkje mishandla ungdommane, så var han ganske sikkert pedofil. Han var òg ein fare for barna. Han var Dangerous;

Han var heller ikkje mindre farleg for sitt eiga avkom. Ja, vi har jo alle fått med oss skandalen på den balkongen... nok om det.

Nok om Michael Jackson faktisk. Han vart 50 år. Folk kjem no til å prøve å unngå å snakke om rettssakene. Om mistanke om overgrep. Nei, no er han ein helt. No er han barndomsminna. No er han alle dei fine songane. Ikkje imaget han eigenhendig klarte knuse.

Vel forutan alle dei som i åra framover kjem til å nekte for at han er død sjølvsagt.

(Om du lurar på kvifor dette valet av videoane vart gjort... så skuld på MJ og hans agentar, som meiner at skandinavar ikkje har rett til å sjå videoane hans på Youtube).

6 kommentarer:

  1. Jeg synes bare synd på den stakkars jævelen. Han kan ikke ha hatt noe godt liv. Han slipper mer dritt nå, da.

    Om ikke han gjenoppstår som Gojira-kloning da: Maikuro Djaksonu

    *grøsse*

    SvarSlett
  2. Eg fryktar nok mest at han er fryst ned, og vender attende som Michael Jackson sitt hovud i ein drapsrobotkropp :-P

    SvarSlett
  3. Sjølvsagt gjer du det. Ditto, baby ;-)

    SvarSlett
  4. Dette er det beste MJ-innlegget jeg har lest i dag. Popstjerna MJ var unektelig genial, men mennesket MJ hadde nok et og annet å "jobbe" med.

    SvarSlett
  5. Takkar og bukkar. Det burde ikkje vere så vanskeleg å handtere MJs død... men folk ser ut til å ta det jæææævleg hardt innpå seg.

    SvarSlett