torsdag 4. juni 2009

Massakren 4. juni 1989

I dag var det tjue år sidan massakren på den Himmelske Freds Plass i Kina. Og alle bloggar om det, og seie kloke ord om ditt og/eller datt.

Og forventingane til kva eg har å seie om dagen er ikkje få. Folk har vendt seg mot meg i heile dag og spurd - mulla, kva er ditt perspektiv på hendingane denne dagen for 20 år sidan.

Og då må eg leggje Sims 3 (som kom ut i dag) til side, og tenkje litt. For kva kan ein eigentleg ta med seg frå denne dagen.

Dei av oss som opplevde hendingane 4. juni 1989 hugsar dei godt. Det var ei tid der den autoritære statskommunismen vakla over heile verda. I det maoistiske Kina var folk òg opprørte over tilstanden. Det var utan organisering, felles sak eller leiarskap dei samla seg på plassen til minne om den avdøde opposisjonelle Hu Yaobang. Det var 1 million av dei, som alle samla seg i stille protest mot samfunnet.

Og nok ein gong vert vi minna på at det er frykteleg mange kinesarar der ute.

Det heile endte med ein konfrontasjon med kinesiske hærstyrkar, eit utal såra og eit ukjend antal drepne. Ein fredleg protest knust av overmakta. Eit mektig symbol på kommunismens fallitt på slutten av 80-talet. Og ei hending maoismen aldri vil kunne frikjenne seg for.

Ein må undre seg over korleis noko slikt kan skje, kva som kan føre nokon til å gjere noko slikt mot sitt eiga folk - sjølv om ein tydlegvis har eit enormt overskot av kinesarar. Forklaringa ligg sjølvsagt ikkje i politiske, økonomiske eller psykologiske faktorar. Faktum er at det kinesiske folket er eit offer for dårleg planlagd arkitektur.

Den Himmelske Freds Plass vart først bygd på 1400-talet, og er i følgje dei fleste prinsipper konstruert etter heilt korrekte feng shui-prinsippar. Altså læra om å skape velvære av koordinering av sine omgjevnadar - les møblement og veggar og liknande. Problemet oppstår etter Maos død.

Partiet bestem seg for å balsamere formannens lik, og byggje eit mausoleum på den Himmelske Freds Plass der hans tilhengjarar kan skue han. Dette mausoleumet bryt med arkitekturen i området og øydeleggjar den gode vibrasjonen og den korrekte feng shui. Slik vert plassen åstad for stadig misnøye og dårleg humør som i tilfellet er i 1989.

Så om kommunistpartiet skal ta med seg noko lærdom frå hendingane, så er det nok at dei ikkje bør byggje monument over sine drapsmenn i bykjerna der det kan forstyrre den strengt utførde byplanleggjinga frå Ming-dynastiet.

Meir treng ein vel ikkje seie om dette?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar