søndag 7. juni 2009

Nye Star Wars lekkasjer

Det står ikkje stille på kontora til George Lucas. Arbeidet med å produsere den best tenkjelege introen til den komande TV-serien held fram. Etter lekkasjen av den første versjonen, har dei tydlegvis jobba med alternative variantar.

Star Wars er som alle veit eit slags familiedrama. Eit slektsdrama. Der mektige familiemedlemmar kjempar mot kvarandre. Skikkeleg såpe med andre ord. Dette vert understreka av at den komand TV-serien i følgje Lucas sjølv er tenkt som Sopranos i Star Wars-universet. Det er her ulike måter å gå fram på, noko som kjem godt fram i dei to nyaste lekkasjane. Dei kan satse sterkt på familielementet og intrigane, ein marknad som fungerte veldig godt på 80-talet:

Alternativt kan krim og spaningselemntet verte meir framtredande. Krimseriar har alltid funka fint, med heltar i gråsona og slem-slemme skurkar. Sopranos har vist oss at det kan funke å halde fokuset på dei kriminelle heilt og haldent, men den siste lekka videoen tyder på at Star Wars kanskje har eit litt anna fokus:


Men berre tida vil vise kvar dei til slutt kjem til å ta serien...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar