laurdag 13. juni 2009

Om å ha problem

Folk burde lære seg forskjellen på eit problem, og ei utfordring. Eg er ein stor tilhengjar av å ikkje forholde meg til problem, utfordringar er langt meir overkommelege og... utfordrande. Problem er vanskelegare å kvitte seg med, og er gjerne langt meir alvorlege og kostar meir tid og pengar.

Sidan det er vanskeleg å sjå forskjell, så vil eg gje dykk eit par døme før vi går vidare til hovudpoenget. Forestill deg no at du har ein fobi, la oss seie du er redd for edderkopper, noko fleire eg kjenner er. Dette er ei utfordring. Det skapar problem i kvardagen deira, men det er overkommeleg, enten gjennom hardt arbeid eller terapi. Eller du har ei traumatisk fortid, med overgrep eller eit eller anna; dette kan du kome over, dette kan du fikse, det er ei utfordring!

Har du derimot stemmer i hovudet som fortel deg ting som ikkje stemmer overeins med det andre fortel det; Har du lyst til å slå ned folk fordi du høyrer kva dei tenkjer om deg, høgt og tydeleg; Har du fått for deg at legane som seier til deg at du treng hjelp, jobbar for dei same romvesna som plagar deg... ja, då har du eit problem.

Det virker på meg som om deler av legestanden ikkje heilt har fått med seg dette, og fortel både kreti og pleti at dei har utfordringar og ikkje eit problem. Dette vert snøgt... problematisk.

Eit problem definerast som noko som ikkje forsvinn ved omdefinisjon, men vert overført til andre.

Ta vår kjære Hank von Helvete, og hans nye allianse med scientologikyrkja. Hank har eit problem. Hans problem er at han er klin kokos. Det har rabla for han. Så har nokon innbilt han at han ikkje har dette problemet, men at han har ei utfordring. Og kva er resultatet? At fleire pasientar, samt deira behandlarar får eit problem - nemleg at Hank von Helvete spring rundt og skrik og gaular for å skremme sarte sjeler. Frå ein person, med eitt problem, så har vi ein mann med ei utfordring (les den slemme psykiatrien), samt ein heil bøling med menneske som har eit problem.

Så legar og næraste vennar av sprøttingar over heile landet, ver så snill å ikkje bill dei inn at dei ikkje har eit problem, men ei utfordring. Dei har eit problem. Og dei treng gjerne piller for det.

Og om du, kjære sprøtting, lytter til din lege og får for deg at du ikkje har eit problem, men ei utfordring, vert problemet overført til meg. Eg får eit får eit problem.

Og det har eg veldig lyst til å unngå.

10 kommentarer:

  1. Stemmer i hodet får ikke folk til å planlegge drap, sier psykologspesialist Helge A. Sølvberg. Han har i mange år drevet samtalegrupper for stemmehørere. Det har lenge vært klart at mange hører stemmer uten å være psykotiske, men at de er redd for å fortelle om stemmene, nettopp fordi de kan bli tatt for å være psykotisk. Mange setter jo likhetstegn mellom å være psykotisk og å være farlig. Virker som du også gjør det. Men det er i kombinasjon med rusmisbruk at psykotiske personer noen ganger kan bli farlige. Og de fleste drap begås av ikke-psykotiske personer.

    Siden du nevner overgrep, så kan jeg fortelle for det første at mange overgrepsutsatte også får hallusinasjoner, ikke minst under fødsler. For det andre kan man bli alvorlig skadet av gjentatte overgrep som barn. Selvmordsraten er mange ganger høyere enn hos andre. Jeg ble utsatt for overgrep i 15 år i barndommen, og å bagatellisere virkningene til "en utfordring" er regelrett frekt. Eller du er kunnskapsløs.

    SvarSlett
  2. Og noen har misforstått mullaen sin post? Eller har hun lest noe som jeg ikke har? Kanskje hun burde lese flere av innleggene i denne bloggen så forstår hun kanskje dette innlegget også.......alltid moro når noen tar for seg eufemisme :)

    SvarSlett
  3. Sigrun:

    Frekk, ja.

    Vi opplev litt sjangarforvirring, kanskje? Men okay, eg er frekk.

    Det er faktisk mi nådegåve. Og openbart di utfordring. La oss ikkje lage eit problem av det.

    Anonym:
    Det er ikkje alltid like lett å lese, når ein vert blenda av lyset av min guddomlege visdom!

    SvarSlett
  4. Jeg forstår ikke hva du prøver å si her?

    SvarSlett
  5. Eit problem er ein konstant kraft, som ikkje forduftar om du omdefinerar det til ei utfordring, men det vert heller overført til andre. Til meg. Og det gidd eg ikkje ;-)

    SvarSlett
  6. Det var ingen markør i dette innlegget som viste hva slags sjanger det var.

    SvarSlett
  7. Du tar feil. Sjangerbevissthet fordrer at man bruker markører.

    SvarSlett
  8. Du får gje det litt tid, kanskje du ser det til slutt.

    SvarSlett
  9. "Du tar feil. Sjangerbevissthet fordrer at man bruker markører."

    Eller at man tar en titt på det forum innlegg presenteres i.....ikke akkurat Helsevest sitt nyhetsblad denne bloggen........tror ikke det er vanskelig for faste lesere av den sprø mullah sin blogg å fatte det.....

    SvarSlett