søndag 28. juni 2009

Pandamoniums genetiske eksperiment

Gong på gong vert eg skuffa over mine medmenneske. Deira evna, deira vilje, til å underkaste seg pandaanes terroregime, Pandamonium, har inga grenser! Kvifor dette behovet til å føye seg etter vilja til Pandamonium? Kvifor gjer vi så lite motstand? Mine undersøkjingar tyder på at det er utstrakt bruk av hypnose som er svaret. I samband med vår svake vilje, sjølvsagt. Dei har funne vårt svake punkt. Vår akilleshel.

Og av den grunn vil vi gå til grunne.

Nok eit døme på vår sjølvdesktruktive tendens har komen for ein dag i Thailand, der ein dyrehage feirar fødselen av ein pandababy, ved å paradere Panda-elefantar i gatene.
Ja, for å få merksemd til det utryddingstrua nasjonaldyret må dei framstillast pandaer forklarar dei ansvarlege. Ingen stiller spørsmål ved dette. Ingen ser kva dette seier om kva jarngrep Pandamonium har på vår merksemd. Det er den mest naturlege tingen i verda for desse lakeiane at eit utryddingstrua dyr, som elefanten, ikkje er verdig å få same merksemd som ein panda. Det slår dei ikkje at dette er særs unaturleg.
Eg vil ikkje oppmode til å gje etter for paranoia, og ein kan jo faktisk anta at ting er som dei ser ut. At dette er elfantar dekka av maling for å sjå ut som pandaer. Ein må likevel vere obs på at dette ikkje nødvendigvis er den heile sanninga. Pandamonium har lenge nytta mennesker til å eksperimentere med pandagenetikk, mellom anna for å bidra til befrukting (eller kloning) og for å utvikle ein eigen krigerkaste - pandakommando. Det vi ser her kan vere resultatet av forsøk på å krysse elefantar og pandaer for å utvikle ekstra kraftige og levedyktige pandaslaver og krigarar. Om dette er det endelege resultatet, eller berre malte elefantar som vert vist fram for å førebu oss på framtida er heilt uvisst. Og vi kan ikkje vete det sikkert, før ein faktisk har fåt hendene på DNA vi kan teste. Eg oppmodar difor alle motstandsaktivistar om å gjere sitt allar beste for å nedlege ein av desse pandaelefantane. Vår framtid er truleg avhengig av det.
Nok ein gong må vi berre slå alarm. Gjer motstand. Ta til våpen. Før det er for seint. Pandamonium samlar krefter, og vi må gjere det same!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar