torsdag 25. juni 2009

Rusa wallaby i Dagbladet

Når ein wallaby vert fødd er dei på størrelse med ei drue. Dei veks seg til, men aldri til same storleik som deira slektning kenguruen. Dette gjer utvilsomt wallabyen på Tasmania til det søtaste pungdyret tilgjengeleg for pressa.

Det er vel difor ikkje rart at Dagbladet vel å køyre sak på at Wallabyer ruser seg på opiumsplanter og spring i ring som gale. Og at dette skal forklare kornsirkler.

Vel, det er jo ein betre forklaring enn dei meir vanlege... du veit, dei med romvesen og bodskap om fred frå andre galaksar og dimensjonar.

Vi veit alle at det ytre rom er dominert av Reptilimperiet, og om dei har noko tekst å presentere for oss, så ser det matoppskrifta som vi inngår i.

Nei, det som er mest interessant med denne nyhenda, er det eg vart sittjande å gruble på.

For eg må ærleg talt innrømme... eg veit ikkje om dette er agurknyhende eller vanleg redaksjonelt innhald i Dagbladet. Og eg lurar på kva tid det eigentleg skjedde, at grensa mellom dei to forsvann...

3 kommentarer:

  1. Jeg tror det skjedde i 1982, men jeg var forelska da, så jeg kan ikke si eksakt dato.

    Og at ordbekreftelsen nå er "pressa", det er i hvert fall ikke tabloid. Det er skummelt!

    SvarSlett
  2. Og jeg tror det var i juni, og jeg tror muligens det handlet om flått som bærer av farlige sykdommer.

    Men jenta var ung og blond, så det kan ha vært i 1983.

    SvarSlett
  3. Hahaha

    Det er ikkje lett å få med seg alt når ein er i kjærleikens vald, nei. Kjærleik gjer blind seier dei, jo ;-)

    SvarSlett