onsdag 29. juli 2009

A(H1N1)

Svineinfluensaen slapp aldri heilt taket; i motsetnad til dei fleste andre pandemiar i det siste så klarte svineinfluensaen å gjere comeback i mediebiletet. Til stor fortviling for eit publikum som byrjar å verte passe lei av mediepanikken rundt den eine pesta etter den andre. I løpet av sin lange karriere har det dukka opp eit haug med ulike namn på denne influensaen, noko som sikkert prover at kjært born har mange namn.

Viruset heiter eigentleg A(H1N1), men går vanlegvis under namnet svineinfluensaen. Den har òg vore omtalt som Jewflu (jødeinfluensaen), men dei fleste namn speler på at den stammar frå svin. Eg har høyrd namn som svinepesta, kotelettfeber og grisedøden. Sjølv vil eg gjerne slå eit slag for det eg meiner burde vere alle norske muslimar sitt namn på denne underfundige influensaen: HARAMSYLTA. Som vi alle veit, så er svin haram, ein uting, det motsatte av halal.

Så kan ein spørre seg sjølv kvifor eg sitt og tenkjer på det no. Det er vanskeleg å seie, men det kan hende det har noko med den feberen eg har hatt dei to siste dagane, hovudpina, mi nedsylta tilstand og generelt sett eit merkbart ubehag i heile kroppen. Sluttar eg å oppdatere bloggen så får de heller sette i gang å fordele eigendomen min mellom dykk.

4 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. God bedring!

    I verste fall har jeg ønskelisten klar.

    SvarSlett
  3. Du vil berre ha Dalek-DVDane mine du ;-D

    SvarSlett
  4. EXTERMINATE EXTERMINATE EXTERMINATE

    OR GIVE ME YOUR DVD'S!!!!

    SvarSlett