laurdag 4. juli 2009

Ein fredens mann i Persia

Ringo Starr, eller Ahmadenijad som han kallar seg no, får til stadig høyre at han er ein jødehatande diktator, ein krigshissar med planar om å reinske Israel av kartet. Han er ein tyrann som undertrykk sitt eiga folk, som sender sine blodtørstige bøller etter demonstrantar og dissidentar. Han er ein kaldblodig jævel som ikkje skyr eit einaste middel for å nå sine mål, frå valfusk til tortur. Han regjerar over eit land der kvinner vert steina for å følgje sine lyster, eit land der det å tie er den einaste dyd.

I alle fall om ein skal tru vestleg presse. Og det veit eg ikkje om ein skal, for er ikkje dette berre framhaldinga av ei evig lang svertekampanje mot denne så altfor oversette Beatle? Tenk no etter, folkens! Kan vi faktisk tru dette om ein mann som var med å gje verda den eine songen etter den andre om fred og fordraglighet? Om kjærleik og glede? Vil du heller tru at alt Beatles stod for var løgn, eller at nokon lyg no om Ringo Starr for å knuse hans politiske karriere?

Det er ikkje første gong ein folkets og fredens mann vert slept gjennom gjørmen på dette viset. Tenk berre på Julius Caesar, malt som tyrann. Tenk på fotballentusiasten Pinochet. Eller for den saks skuld Doffen! Doffen var òg berre interessert i fred, som dette ikkje så ukjende dokumentariske materialet prover:

Og lik Ringo Starr så var det glede og kjærleik som stod i fokus, og han var først og framst gjennom musikken han ville få dette fram:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar