tysdag 7. juli 2009

Evigvarande nedtelling?

Nedtellinga til første episode av Tales of Monkey Island ser ut til å halde fram, gitt. Tekniske problem har utsatt lanseringa i nokre timar no. Ganske mange, faktisk. Og folk tripper rundt, frustrerte og smågærne. Forståeleg nok, tenkjer eg.

Eg var blant dei heldige som fekk spelet fredags morgon, og kunne tilbringe ein fridag heime med å vandre rundt i verda som vi alle fall pladask for i 1990, då Guybrush Threepwood først tusle inn i skjermbiletet og erklærte si hensikt om å verte ein mektig pirat.

Så kva kan du gjere på medan du ventar på Tales of Monkey Island? Du kan enten sette deg ned og spele dei gamle spela, eller du kan lese omtaler. Dei norske omtalene er i alle fall alle einige - dette var gøy! Du kan lese min her, elles kan du lese omtale hjå Dagbladet, Spiller og Gamer.

Så då er det berre å vete apetitten før ein av årets store spelhendingar.

4 kommentarer:

  1. *knurre litt*

    Velvel, med den korte ventetida vi fekk før dette spelet har vi vel lite å klage over. Standarden no til dags er jo at spel blir annonsert to år før dei skal gis ut og at dei alle fall blir utsett eit halvår. Då tålar vi vel ein dag, som det i effekt blei denne gongen.

    Men i kveld! I kveld skal eg vere sjørøvar!

    SvarSlett
  2. Heh, slikt kan skje... det tok heilt av på kontoret i Frisco.

    I kveld ja... er det no eg skal avsløre alt saman? :-D

    SvarSlett
  3. Jeg registrerte med glede at Tales of Monkey Island endelig var sluppet da jeg skulle gå hjemmefra i dag. Satte det på nedlasting så i kveld blir det Monkey Island for alt det er verd!

    SvarSlett
  4. Hmm... vi får håpe ikkje straumen går i kveld då ;-D

    SvarSlett