laurdag 25. juli 2009

Frossen pandasperm!

Det var som pokker!

Pandamoniums genetiske eksperiment held fram!

Frossen pandasperm er ikkje ein ny istype som er sluppen på marknaden, om du skulle tru det, men det siste vellukka utspelet til det komande terrorregimet!

Pandakommandoen Lolo har frose ned sin sperm, og den har blitt tatt i bruk til å avle fram ein ny panda. Vi kan berre anta at dette er ein del av eit kloningsprosjekt, der dei mest blodtørstige og brutale krigarane til Pandamonium no skal reproduserast.

Ei gåvepakke til dei som ønskjer å utslette menneskeheita.

Eg trur eg hadde foretrukke litt is.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar