tysdag 21. juli 2009

J.K. Rowling i pedo-register.

Det er ikkje lett å vere barnebokforfattar i disse dagar. Det er simpelthen ikkje særleg populært å vere overdrevent interessert i å ha med born å gjere, invitere dei til å sitte på fanget ditt og fortelje dei historier om det å stole på andre og whatnot. Særleg skal ein, ifølgje Harry Potter-forfattaren J.K. Rowling, stole på litt besynderlege eldre menn med skjegg som vil ta deg med heimefrå for å lære tryllekunstar. Du veit, slikt du ikkje skal fortelje andre om.

Det er kanskje ikkje rart at J.K. Rowling er ein av mange barnebokforfattarar som kan verte bedt om å registrere seg i eit eiga pedoregister. Ja, altså, ein kan jo sjå på det som eit preventivt tiltak, men det er ikkje underhaldande nok i desse tider. Kan vi få ein tabloid overskrift om dette snart? VG? Dagbladet? Har de nokon på saka?

Det beste er vel eigentleg at ho må sjølv betale for utgiftane ved å verte registrert. Kapitalisme er ein fin ting.

2 kommentarer:

  1. "Særleg skal ein, ifølgje Harry Potter-forfattaren J.K. Rowling, stole på litt besynderlege eldre menn med skjegg som vil ta deg med heimefrå for å lære tryllekunstar. Du veit, slikt du ikkje skal fortelje andre om."

    Dette i seg selv er vel ikke så tvilsomt. Det blir først virkelig ille når Humlesnurr skal vise frem den berømte kunsten "helikopteret" og fisker frem "tryllestaven".

    "Har du sett en enøyd elefant noen gang da, gutten min?"
    At Rowling tidligere har uttalt at gammeln er homo gjør ikke saken mindre tvilsom.

    SvarSlett
  2. Indigo, Indigo, eg vil ha meg fråbedt at du likestillar homofili og pedofili. Det er mange sterkt truande kristne pedofile som vil ta denslags ille opp.

    Vis litt omsyn, mann!

    SvarSlett