søndag 19. juli 2009

Kommandert hårklipp

Du har kanskje vanskeleg for å tru det, men ein gong for mange år sidan så hadde eg faktisk langt hår. Langt flott hår, som ropte bohemliv og dekadense. Det var mi utstrakte hand til dei vantru hundane eg til stadig møtte på byen, eit klart bodskap at sjølv vi rettruande mullaer kunne rocke med dei beste.

Det heile kom likevel til ein sørgeleg slutt, då eg vart barbert under heller mistenkjelege omstende. Det involverte ein stram kommandolinje, og ganske stive overleppar. Fleire har eterlyst ei betre forklaring, utan at eg har følt meg fri til å gjere det. Før no.

Min amerikanske og katolske motstykke, Stephen Colbert, gjekk nyleg gjennom ein liknande prosess. Det er faktisk kor skremmande likt det som hendte med han var til det som hendte meg... så eg vil dele det med dykk alle saman.
The Colbert ReportMon - Thurs 11:30pm / 10:30c
Stephen Gets His Hair Cut
www.colbertnation.com
Colbert Report Full EpisodesPolitical HumorJeff Goldblum


Og når eg tenkjer etter, så har han fyren rimeleg store øyrer. Vi burde snakke meir om dei, og ikkje så mykje om den enorme rumpa til kona hans...

2 kommentarer:

  1. Har du virkelig hatt langt hår?
    Det trur eg ikkje før eg ser bilde.

    Din venn, Thomas Von Grunge

    SvarSlett
  2. Då må du nesten grave i arkiva sjølv, for denne mullaen skuar mot framtida, og ikkje mot fortida.

    SvarSlett