fredag 31. juli 2009

Kven står bak influensaen?

Sanningssøkjaren Per Aslak Ertresvåg meiner helst at dei fleste siste runder med influensa og liknande mediepester stammar frå Jens Stoltenberg og hans kumpanar i Bilderberg-Illuminati A/S. Dette er jo ein fargerik teori, frå ein fargerik gamal mann som PST tydlegvis ikkje har klart å drepe enno, på tross av den store trugselen han utgjer mot rikets tryggleik(TM).

Vi her i moskeen veit likevel betre. Ertresvåg tar feil. Frykteleg feil.

Alle gode pandemiar stammar frå ein stad, og berre ein stad - Pandamonium. Det er eit vidkjend fakta at Pandamonium lenge har hatt gode allierte innan legevitskapen som gjer som dei får beskjed om. Og Pandamoniums plan om å utslette store deler av menneskeheita kan mellom anna utførast ved biologisk krigføring, og dei har difor satt i gang fleire eksperiment med å spre ulike pandemiar blant menneske.

Dei siste utskota har komen av ulike dyreinfluensaer, allar sist har det vore griseinfluensa, som har vore innom fugl, gris og Mexico. Den farlegaste vi har i vente, er sjølvsagt den som har vore innom pandaer på vegen. Noko ei oppvakt kvinne med namn Liv-Marit nyleg har oppdaga dokumentasjon av, og som gjorde meg straks merksam på:

Eg prisar meg lukkeleg for mitt suverene, nordiske imunforsvar, og at eg snart kan reise meg frisk frå sotteseng på tross av deira siste forsøk på å drepe meg med bakteriar.

6 kommentarer:

  1. Godt at det også rammer dem selv. Eller er det også en del av den skjulte planen?

    SvarSlett
  2. Dei er rå nok til å utsette sine eigne for medisinske eksperiment, så det er sjølvsagt ein del av planen. Vi har all grunn til å anta at pandaen overlevde, med styrka imunforsvar.

    SvarSlett
  3. Uklar på terminologien her. Snakker du om pandemi, eller pandami? Eller går det ut på ett?

    SvarSlett
  4. Vi har vurdert å innføre Pandami-omgrepet, men vi var redde det ville forvirre unødig. Det er tross alt lite forskjell... dei fleste pandemiar i det siste er organisert av Pandamonium.

    SvarSlett
  5. Ellers snublet jeg over dette forsidebildet på et nettsted viet underlige bokomslag. Det må da være en jaktroman etter Deres hjerte?

    SvarSlett
  6. Såååå fiiiint! Det er det eg seier, teikneseriekunstnarane har sett dette kome lenge!

    SvarSlett