torsdag 23. juli 2009

Musikalsk Perle: Focus

I 1970 skulle Focus sleppe si debutplate, In and out of Focus, og med dette var det gjort. Dette nederlandske bandet leia av Organist og fløytist (og jodlar?) Thijs van Leer skulle bli ein av Nederlands viktigste musikalske eksportar på 70-talet. Litt slik som Black Metal var for Noreg på 90-talet, eller noko slikt. Suksessen skal det ikkje stå på i alle fall. Bandet kombinerar vidt ulike stilartar til klassisk og fengande progrock. Noko ein simpelthen ikkje kan få for mykje av, og det artige er at dei stadig vert attforeing, og dei er aktive den dag i dag. Dei har til og med fått seg ei sånn derre moderne nettside.

Eg er ingen stor ekspert på deira karriere, så eg utfordrar heller andre krefter til å ta for seg deira rolle i progrock-himmelen. Eg vil berre etterlate dykk med deira mest kjende låt, Hocus Pocus, ei låt som verkeleg demonstrerar at Focus var eit band med... fokus.

Elles må eg vel innrømme at min fascinasjon styrkjast av at eg likar å sjå folk på syre som jodlar og plystrar.

3 kommentarer:

  1. Jau, flotte dette her.

    SvarSlett
  2. Skal sette fokus på denne briljante gjengen når gradestokken kommer under 41 grader, altså etter at vi har kommet hjem i morgen.

    SvarSlett
  3. Veldig bra Bjørn Are, det var det eg vona :-)

    SvarSlett