laurdag 18. juli 2009

Nam... muffins!

Muffins kjem i mange ulike slag, du kan få dei med sjokolade, med jordbær, med blåbær, med rosiner, og du kan få dei utan noko som helst. Du kan få dei med melis, og du kan få dei med glasur, eller du kan få dei bar som Boticelli sin Venus. Du kan få dei store, og du kan få dei små. Du kan få dei luftige og lette, eller grove og tunge. Eit vidunderleg bakverk, ei gåve frå oven, og ikkje berre ovnen - utan tvil. Mullaen sett pris på alle muffins, og velsignar ein kvar som lar seg sjølv henføre av muffinsen si gode smak.

Sjølv om alle muffins er gode, må eg nok innrømme ein litt særeigen forkjærleik for små, lette muffins utan noko dill dall, anna enn kanskje litt rosiner. Eg et dei fleste muffins med glede, men litt skepsis har eg til dei tyngre og grovare sortene.

Det vert for mykje simpelthen, og eg er ikkje heilt sikker på at det alltid er like sunt... like trygt.
Det er ikkje ofte det ikkje passar seg med ein muffins, men noko tyder likevel på at tyngre bakverk - av type sjokolademuffins med glasur - vert meir enn ein kan handtere i trafikken.
Det er vel noko som kallast for mykje av det gode? Sjølv når det gjeld mana frå himmelen?

2 kommentarer: