onsdag 22. juli 2009

Når desperasjonen setter inn...

Det er somar, og hormonane rasar. Sjølv utan finver og lettkledde kvinner over alt, er det klart at parringstida har satt inn. Og med den følgjer ein viss desperasjon. Du kan sjå det på andleta deira, eit visst forpint uttrykk, ein angst i blikket og underleg rastlause fingrar. Folk prøver dei merkelegaste triks for å lokke til seg ein partnar, i mitt nabolag har lappar på veggen vore eit populært verkemiddel.

Men det ser ikkje ut som om dette har hatt den ønskjelege effekten for alle, og desperasjonen har no satt inn. Ikkje lenger er det inkludert ei skildring av den søkjande mannen, eller den ønskjelege kvinna. Desperasjonen har fjerna alle slike trivialitetar, redusert etterspurnaden til ein rein essens. "Jenter å knulle søkes":
Akk, denne desperasjonens alkymi... er det berre eg som er fascinert?

2 kommentarer:

  1. Kunsten er å få seg eit skikkelig flott skjegg.
    Så kan damene dra og slite i dette som dei sjølv finn det for godt.

    Thomas Von Grunge.

    SvarSlett