torsdag 16. juli 2009

Nedtur for massasjeterapi

Det tyder på at massasjekunsten har sine gode og dårlege periodar. Då i særleg grad når det gjeld kunnskapen og kompetansen til massasjeterapeutane til ulike tider, og ulike stader.

I går kunne Dagbladet sjokkert rapportere om ei kvinne som hadde fått smertefull livmorsmassasjeinnsida av skjeden av ein massasjeterapeut som lova at det skulle hjelpe henne å verte gravid. Sjølv hevda terapeuten at dette har hjulpe mange, medan andre har registrert fleire klager på denne sjølvsame terapeuten og hans metode.
Å gå inn i skjeden på en kvinne er helt uakseptabelt for en massør. Det er tabu i vår yrkesgruppe. Jeg vil kalle dette uforsvarlig virksomhet.
Seiar leiaren Norges Massasjeforbund, Anders R. Jensen. Og han har nok rett i det. Norske massørar har lenge prøvd å unngå underlivet, og massasjen av det omtalte området. Dette tabuet har difor ført til ein stadig aukande grad av manglande kompetanse på underlivsmassasje blant norske terapeutar.

I folkeopplysingas teneste vil eg difor difor kome med følgjande tips: Tradisjonell underlivsmassasje foregår utanpå kroppen, helst i området rundt clitoris. Er det så vanskeleg? Dei færraste tradisjonelle terapimetodane krevde penetrasjon av pasienten (det ville jo tross alt vore av ein seksuell art og forbehaldt kvinnas ektemann).

Du kan lære meir om underlivsmassasje og dei positive effektane av dette på hysteriske kvinner i Knokkelklang #3.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar