torsdag 30. juli 2009

Nyttige tips

Du kan alltid stole på at dagspressa kan forsyne deg med gode tips om det eine og det andre, men det er ikkje så ofte ein finn desse tipsa i annonsedelen. Dette var likevel tilfellet for ein av mine tilhengjarar i går, då han under Bøker, hobby, fritid kunne finne ei enkel oppmoding om å lese s. 114 i Sov Mitt Lille Norge av Per Aslak Etresvåg.

Denne litt besynderlege sanningssøkjarens siste bok der han avdekkjer dei mest brennbare konspirasjonane i Noreg.

Eg må ærleg talt innrømme at eg anar ikkje kva som står på s. 114 i denne boka, eller i resten av boka heller, då eg har betre ting å nytte mine shekel på, men eg ventar at det lik hans førre bok er stappfull av besynderlege idear henta frå høgreekstreme miljø i USA. Eg kan gisse meg til at det kokar ned til at Jens Stoltenberg og Siv Jensen beggje er ein del av Illuminati, deltar på møter i slemme-slemme Bilderberg og at dei skal grave seg ned i tide i 2012 i enorme underjordiske bunkerser.

Det som slår meg er altså at Ertresvåg sine mest iherdige tilhengjarar og misjonærar er såpass med i tida at dei tenkjer at ei annonse i Bergens Tidende er beste viset å overtyde folk til å lese boka. Internett og debattforum har liksom gått dette mennesket hus forbi.

Kanskje like greit, med tanke på kva hans meir vev-dyktige tilhengjarar presterar å gjere på dei foruma dei heng på.

Om nokon har boka framfor seg, vil eg gjerne vete kva som står på s. 114.

13 kommentarer:

  1. Må skuffe med at jeg verken har den foran eller bak meg. Eller på noen av sidene, over eller under.

    Ellers var ordbekreftelsen cence. Må bety at det er et fornuftig valg også av meg ikke å bruke noen shekler på dette.

    SvarSlett
  2. Nå har vel fansen skrevet sitt om sånt på nett. Og i sommervarmen hender det jo man leser annonsene også.

    Men jeg har heller ikke boken. På tross av at jeg innimellom tenker at jeg burde skaffe den. Derimot har jeg den forrige boken, og hvis underholdningsverdien er like høy i den nye...

    SvarSlett
  3. Akk, kva er det med oss? Ingen av oss har denne høgaktuelle norske boka. Det er særs ukultivert av oss ;-P

    SvarSlett
  4. ...Og hvor kommer så Illuminatis tidligere arveprins, nå religionsstifter for den nye verdensreligionen matrixisme inn i bildet?

    Når det er sagt så har jeg lenge tenkt på å skaffe meg bøkene til Ertresvåg, men har ikke alt for stor lyst til å støtte dem økonomisk.

    SvarSlett
  5. Du får sende Leo ein mail og høyre kvar han passar inn, eg vert svimmel av hans gjeremål ;-P

    SvarSlett
  6. Tilhengjar? Bah! Samkonspiratør, at least!

    SvarSlett
  7. Om du var samkonspiratør, så hadde det vore ei innrømming om at vi konspiererar.

    Og det gjer det jo ikkje.

    Det finnes ingen konspirasjon. Ikkje sant? *nikke tydleg*

    SvarSlett
  8. Det finnes ingen konspirasjon, og de som sier noe annet, har rotta seg sammen mot oss!

    SvarSlett
  9. Nemleg... vi berre helser på kvarandre med litt uvanlege handtrykk. Er det ulovleg no liksom? Pffft!

    SvarSlett
  10. Og at vi treffes hver torsdag ettermiddag bak ... ja, altså...
    Det er helt tilfeldig. Den gule reinfannkvasten i knapphullet også.

    SvarSlett
  11. Shhhh! Loose lips, sink ships! ;-)

    SvarSlett
  12. Lose hips bring q tips (?/'32.d.f)

    Min tante har ein blå sykkel.

    SvarSlett
  13. Det er over 20 grader i Volda, og mi tante har raude hunder.

    Eg gjentar.

    Tanta mi har raude hunder.

    (34/!)

    SvarSlett