tysdag 28. juli 2009

Pandamonium tapar terreng!

I dag feirar vi i moskeen. I dag får vi gledelege rapportar, og vi smilar godt.

Dei hersens pandaene har endeleg fått smake sin eigen medisin.

Det viser seg at jordskjelvet som råka sørvest-Kina i mai, har satt Pandamonium på plass. Sjølve planeten prøver å riste av seg desse blodtørstige kreka som altfor lenge har fått ture fram som dei vil.

Ei nyare studie syner at jordskjelvet har etterlatt rundt 23% av deira naturlege territorium i ein tilstand som ikkje er behagleg for dei. HA! Ikkje nok med det, øydeleggjinga skal ha ramma 60% av pandabestanden i området! Ikkje berre har dei mista territorium, øydeleggjingane har spreidd Pandamonium sine styrker over eit større område, og dermed gjort dei både mindre forsvarsdyktige og i mindre stand til å vidareføre sine motbydlege genar.

Så her er det berre å opne ei falske med champagnebrus og feire alt det er verdt. Om vi slår til kjapt no, kan vi klare å knekke Pandamoniums grep på sørvest-Kina.

I eit slikt perspektiv så er vel dei om lag 69 000 døde menneska, 15 millionar heimlause og eit utal ulike dyre og planteartar som ein omelett å rekne. Ein stor omelett, men likevel ein omelett. Vi kjempar for at menneskeheiten skal overleve i møte med nær total utrydning ved hendene til Pandaenes blodige terrorregime!

Fatt mot kameratar! Vi kan endeleg ane von om siger! Endeleg!

Til barrikadane!

9 kommentarer:

  1. Du må prøve å komme over dette, mullah! Du generaliserer ut fra noen få ubehagelige opplevelser med pandaer. De er ikke ute etter deg alle sammen, skjønner du!
    Noen av dem er jo riktig søte.

    SvarSlett
  2. Dei e jo litt søte da, og egentlig ikke så veldig mye mer blodtørstig enn en gjennomsnittlig vegeterianer. Sikker på at hvis du lar dei leve og trives litt, så kan det dannes et utmerka marked for pandakjøtt (invester i aksje i dag!). Få ting som slår å fri til kjæresten i en resturant over et måltid med pandakjøtt i sweet-and-sour saus! nom nom nom! Smaka søtt før du fortelle ka kjøtt d e, litt bitter ettersmak. akkurat sånn det bør vær!

    SvarSlett
  3. Svein: Mi einaste ubehaglege oppleving med Pandamonium, personleg, var då dei kidnappa meg tidlegare i år for å ha spreidd sanninga.

    Dei er, skjønner du, ikkje søte, og det er ikkje berre mi tryggleik eg tenkjer på. Eg tenkjer på dei millionar, nei milliardar, av menneske som kjem til å lide og dø under deira grusomme pote.

    Drep ein panda!

    Pil: Eg serverar gjerne pandabiff både til den eine og den andre, men ikkje pokker om eg har tenkt å la dei leve under dei priviligierte forholda dei gjer no! Nok er nok! Menneske svelt, og vi duller med våre komande mordarar!

    SvarSlett
  4. Er det egentlig positivt at de mister plass i sitt eget habitat? Dette betyr jo at de må fremskynde planene om å overta territorium vi innehar. Nød lærer naken kvinne å spinne og pandaer å ete menneskekjøtt.

    SvarSlett
  5. Det viktigaste her er at dei vert mindre organisert, spreidd for alle vinder. Smak for mennesekjøt har dei, som rapportert, hatt lenge.

    SvarSlett
  6. Jeg er mer redd for isbjørnene. Hva gjør de når de blir lei av å svømme mellom Canada og Svalbard?
    De går i land i Finnmark, selvfølgelig! Og spiser seg sørover.
    (Jeg tror jeg så en forrige lørdag. Men den var rosa. For mye midus?)

    SvarSlett
  7. Svein, no er du paranoid. Ikkje bland dei stakkars isbjørnane inn i dette utan bevis. Pandamonium har eg ettertrykkeleg bevis gjennom 6 år med blogging ;-)

    SvarSlett
  8. Hvorfor er min paranoia mindre bevist enn din bare fordi du har en blogg?

    SvarSlett
  9. Eg kunne kanskje uttrykt meg klårare (skuld på feberen), men det eg meiner er altså at eg i løpet av dei siste åra har dokumentert eksistensen av Pandamonium og deira grusomme planar for menneskeheten. Det er ikkje eit innfall eller ein mistanke, men veldokumenterte fakta vi har med å gjere.

    SvarSlett