søndag 5. juli 2009

Pandanurk paradert

Fødselen av ein panda i Chiang Mai i Nord-Thailand har vore dekka til minste detalj i norsk presse, og eg har sjølv omtalt fødselen og konsekvensane av den i von om å nå ut til folk med min bodskap. Nok er nok! Eg vrir meg i smerte kvar gong eg ser menneske leggje seg langflat for sine komande herskarar, desse svarte og kvite tyrannane med sine horrible planar for menneskeheita.

Utan skam rapporterar dei slaveaktige journalistane om korleis den nyfødde pandaen vert dyrka som ein despot, ein guddom av lokalbefolkinga i Chiang Mai. Pandaen vart paradert gjennom byen, eskortert av dresserte orangutangar, deretter kunne den nyfødde tyrannen kvile i sin trone medan tilbedarane fekk passere framfor pandaen og vere vitne til sine komande herskar.

Og ingen reagerar. VGs overskrifter er "Se - så søt!". Nei, VG, dette er ikkje søtt! Dette er skremmande! Liknande dyrking av tyrannar har vi ikkje sett sidan Stalins Sovjet, Maos Kina eller Jacksons Neverland! Vi veit så altfor godt kvar slikt ender, og det er vår oppgåve å gjere motstand. Sjølv når pressa nekter å gjere jobben sin.

Ta til våpen brødre, pandajaktsesongen er rett rundt hjørnet! Ned med Pandamonium!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar