fredag 24. juli 2009

Revolusjonær: Slavoj Žižek

Skjult bak eit rufsete og klumsete ytre finn vi det som er ein av vår tids framste intellektuelle. Eit uflidd og vilt hår, skjegg og ein manisk retorisk framtoning er noko av det som kjenneteiknar den slovenske filosofen Slavoj Žižek, ein mann mullaen stadig tar seg i å lytte til. Lacansk freudiansk marxist og kommunist, eller bråkmakar og dissident - uansett kva du vel å kalle han, eller kva han kallar seg sjølv, så er du garantert at han sleng di røynd rett attende i trynet på deg. Stiller du ingen spørsmål om han eller deg sjølv når han er ferdig med deg, så er du eit dødt menneske.

På tross av langvarig medlemskap i kommunistpartiet og tidvis tilsetting i det statsbyråkratiet, var Slavoj Žižek aldri ein mann myndigheitane i Yugoslavia visste kvar dei hadde. Dei underkjendte til og med hans masteroppgåve då den ikkje var i marxistisk no. Ingen veit kvar dei har han no heller, og hans kritikarar anklagar han for å lefle med fascismen og anti-semittisme. Noko han sjølv avviser, og sender anklaga attende.

Slavoj Žižek avvisar gladeleg dei gamle Leninistiske og Stalinistiske regima, likeeins som "Sosialismen med eit menneskeleg andlet", og med på lasset kjem òg "kapitalismen med eit menneskeleg andlet". Hans kommunisme er ein revolusjonær prosess av stadig spørsmålsstilling - ved alle situasjonar og sanningar. Han er ein mann som aldri vert lei av å utforske vår tankeverd og utfordre seg sjølv og oss.

Kritikarar som kritiserar hans dogmatisme og/eller manglande system har ikkje skjønt det. For systemet hans er dissens.

Og det er noko denne mullaen kan like.

Vil du gå i djupna? Sjekk ut eit intervju han gjorde med Guardian for eit par år sidan. På spørsmål om kva hans første minne var, svarar han:
"My mother naked. Disgusting."
Dei spør han kva hans flauaste stund har vore:
"Standing naked in front of a woman before making love."
Kva gjer han deprimert?
"Seeing stupid people happy."
Og, min favoritt, korleis er kjærleiken?
"Like a great misfortune, a monstrous parasite, a permanent state of emergency that ruins all small pleasures."
Og hans største løyndom? At kommunismen vil vinnne. Alvorleg tala, går det an å ikkje elske denne mannen? Dette er ein mann du berre må invitere i dine middagsselskap, om enn ikkje for anna å terge dine vennar. Sjå Slavoj Žižek i aksjon, i ein debatt der temaet er "Kva vil det seie å vere revolusjonær i dag", der han svarar på dette innlegget frå ein besynderleg Leninist.

Ikkje heilt inneforstått med kva eg bablar om enno? Prøv denne:

For Slavoj Žižek er kanskje den einaste filosofen som har våga å slå seg saman med denne gjengen...

4 kommentarer:

  1. Zizek er kul. Mange interessante idéer. Til tross for at han er lacanianer.

    SvarSlett
  2. Eg er som oftast mest opptatt av kva folk gjer med hovudet mitt, enn kvar dei hentar idear frå. Eg er til dømes ikkje særleg glad i Freudianisme, men ikkje faen om eg ville vert forutan freudianaren Alan Dundes.

    Zizek er brillefin. Vurderar eit innlegg til om mannen.

    SvarSlett
  3. God måte å si det på: hva folk gjør med hodet er det viktige. Men det er ofte en korrelasjon mellom hva folk gjør med hodet mitt og hvor de har idéene fra.

    F.eks. er Dundes også kul, men når han blir på sitt mer freudianske gir han hodet mitt mest lyst til å dunke i veggen.

    SvarSlett
  4. Personleg så ser eg på freudianske akademikarar som eit vidunderleg avbrekk frå mindre fargerik analyse. Ta Dundes til dømes, det er umogleg å ikkje trekkje på flirebåndet når han legg skulda for framveksten av nazismen i Tyskland, på pottetreninga i landet. :-D

    SvarSlett