onsdag 22. juli 2009

Skal det vere litt Victoriana?


Visste du at du no kan kjøpe Victoriana 2nd edition direkte frå forlaget? I vidunderleg hardcover, tilogmed?

Lurar du på kva Victoriana er? Victoriana er eit steampunkrollespel satt til ein fiktiv versjon av 1800-talet prega av strid og omveltingar. Londons gater er full av fattigdom og kriminalitet, og dyreliknande menneske karrar til seg det dei kan, medan alvane i overklassa lev godt og trygt. På gatehjørna roper ildsjeler om ein komande endring. Om ei omvelting av den sosiale orden i kjølvatnet av den industrielle revolusjon. Det nye borgarskapet sitt kanskje ikkje så trygt.

Samstundes samlar skuggar seg i mørke smug, og i gentlemenklubbane. Ukjende krefter manipulerar kyrkje, stat og fagforeining til uforståelege formål.

Dette er òg ei håpets tid... ny teknologi gjer det umoglege mogleg. Stadig nye oppfinningar lovar ei ny og betre morgondag. Det gjeld berre å kaste seg på!

Korleis vel du å gripe fatt denne verda? Victoriana er rollespelet som kombinerar politikk, Lovecraftiansk horror, steampunk og tradisjonell fantasy på eit heilt unikt vis. Absolutt verdt ein prøvetur eller to.

Det ekstra fine med Victoriana 2nd edition er jo at deler av det er forfatta av ein viss herr Bjørkelo, som hevdar å ha nære band til mullaen. Ein kan mellom anna merke hans klåfingrar på det medfølgjande eventyret; Spiritual Matters.

Som om ikkje det er nok, så kjem det på løpande band ut nye, kjekke bøker til Victoriana i dei komande månadane. Verdt å nemne der er sjølvsagt The Marylebone Mummy, av den allereie omtalte herr Bjørkelo.
Eit fabelaktig eventyr som tar spelarane frå Londons sosietets liv til vill jakt gjennom regnvåte gater for å stogge ein av Egypts løyndomar. Ein mumie av eit litt uvanleg slag. Kva ventar du på? Førehandsbestill no.

Og god speling.

8 kommentarer:

  1. Gratulerer med bokutgivelsen! Men inneholder manuskripet noen basseter?

    SvarSlett
  2. Eg kan på ståande fot ikkje kome på om det er med, men det er faktisk fot i hose å lage ein bassetkarakter du kan spele med sjølv ;-)

    SvarSlett
  3. Og når arrangerer du en kampanje eller one-shot for spesielt utvalgte deltakere?

    SvarSlett
  4. Uhm... snart? Når tida strekk til? Held på å smelle saman av det slaget no. Ein slags offisiell kampanjeting.

    SvarSlett
  5. Eg stillar meg særs positiv til å spele litt Victoriana med deg. Nudge nudge, wink wink, knoayemeen?

    SvarSlett
  6. Men kan ikkje du kjøpe bøkene og sette i gang ei gruppe sjølv? ;-)

    SvarSlett
  7. *tørke opp etter*

    Ja, det er berre å bestille. Kjem du innom på eit arrangement eg er på, så kan det til og med vanke signatur ;-)

    SvarSlett