torsdag 20. august 2009

Brennstoffsonger!

Vi er til ein kvar tid i bakevja her til lands.

Vi er ikkje anna enn lillebror til storebror Russland. Der, i det gamle Sovjetimperiet, ruvar framleis deilige Putin bak trona. Andre namn signerar papira i disse tider, men Putin, vår tids store Tsar.

Og her har vi Jens Stoltenberg, og til nød Torbjørn Jagland, som prøver å samle bitane no når Håkon Lie har byrja å overvake folk frå det hinsidige. Det er ikkje det same, men vi prøver.

Eit område der vi konkurerar med Storebror, er i framvinninga av fossilt brennstoff. Vi har vår StatoilHydro, dei har sitt Gazprom, som spesialiserar seg på gass.

Vi gjer vårt inderleg beste i å vise oss frå vår beste side, og eit døme på dette er videoen som har gått som ein farsott på nettet i det siste; Black Gold Hunters med Åge Sten Nilsen frå WigWam;

Heilt klart imponerande saker dette, og tydlegvis ein påkosta affære.

Problemet er at det hamnar fullstendig i skuggen av sitt russiske motstykke;

Vi må berre melde tapt nok ein gong. Og vi spør oss sjølv; kva tid kjem Putin og tar over? Noreg treng Putin! Og vi trur Putin kan lære å bli glad i oss.

5 kommentarer:

  1. Mja... mjoo... mnei? Putin er litt for uberegnelig.
    Har du tenkt på at han kan stå bak Pandamonium?
    Ikke det nei...?

    SvarSlett
  2. No må du ikkje vere paranoid, Svein...

    SvarSlett
  3. Hvorfor kan ikke jeg være paranoid, når han som sitter i bilen over gata hele dagen tydeligvis er det?
    Og ordbekreftelsen er "stailoid"? Klar tsjekist-stavefeil for "stalinoid" spør du meg!
    Men det gjør du jo ikke! Typisk!!

    SvarSlett
  4. Altså, ehm, vel... nei.

    Kva kan eg sei, som ansatt i ei av desse overnemde, filmskapande selskapa? Det er riktig så snodig.

    Eg sit faktisk tett på folka bak ein av desse filmane og har alltid sett på aktuelle filmen som eit stort: "Altså, uhm vel, hæ...?"

    Nei, eg trur berre eg skal halde godt kjeft. Og gjerne klage mi nød over sørgeleg og intetsigande musikk. Som både oljeselskap og MMORPG-folk tydelegvis meistrar...

    SvarSlett
  5. Eg såg vel mest for meg at du var ansvarleg for dette praktverket, eg.

    Og trur no at du er for beskjeden til å ta på deg æra.

    SvarSlett