måndag 17. august 2009

Do you want to date my avatar?

Nei, vi snakkar ikkje om Doffen denne gongen, som alle veit var han Kalki, altså den tiande og siste avataren av Vishnu. Nei, denne gongen snakkar vi om avatarar i nerdeforstand. Ein avatar er den grafiske representasjonen av "deg" i eit spelunivers, og er eit uttrykk ofte nytta i datarollespel. Eg mistenkjer det stammer frå Ultima-serien, men eg er tilbakehalden med å seie noko for sikkert. Do you wanna date my avatar er låta og musikkvideoen som har surra og gått i hovudet mitt den siste veka, og no er den endeleg tilgjengeleg for folk flest:

Musikkvideoen er knytta til The Guild ein web-serie skreven, produsert og regissert av ei av verdas vakraste søtnoser, Felicia Day, og handlar om eit laug i eit online rollespel og dei konfliktane dei opplev både av og på nett. Serien er så utruleg sjarmerande nerdete at eg kan ikkje anna enn å anbefale den. Fleire episodar er lagt ut på Youtube, så det er berre å kose seg - elles er serien tilgjengeleg gjennom xbox live og andre Microsoft-tenester.

Så... do you want to date my avatar?

6 kommentarer:

  1. Noko anna ville vore ekstremt abnormalt av deg ;-)

    SvarSlett
  2. Eg veit ikkje heilt om det var ein fornærming.... Men må spesifisere at eg jo korkje fan av mmo eller WoW. Berre Felicia.

    Feliiiciiiiaaaaaaa...

    SvarSlett
  3. Ser ikkje heilt for meg korleis det skulle vore ei skjult fornærming, gamle ørn.

    Ein treng vel ikkje like WoW for å like ei jente så søt at helsevesenet åtvarar mot å kysse henne. For mykje sukker er ikkje bra for oss visstnok.

    SvarSlett
  4. Videoen og teksten hadde tiltalande sider ved seg, men med så ekstremt kjedelig og intetsigande musikk orka eg rett og slett ikkje å sjå heile greia. Zzzzznork!

    SvarSlett
  5. *daske*

    Prøv ein gong til, din slubbert!

    SvarSlett