onsdag 19. august 2009

Eg drøymer

Av og til drøymer eg. Eg drøymer vonde draumar. Vonde og uforståelege draumar. Om å vere jaga. Forfølgd. Eg drøymer om umenneskelege kreftar som påverkar våre liv. Eg drøymer om korleis korthus ramlar, og om korleis usynlege hender manipulerar vår undergang.

Eg drøymer uforståelege draumar der verda vert snudd opp ned. Snudd opp ned, og rista grundig. Der alt ramlar over ende. Der alt vert kasta side til side. Der opp er ned, og ned er opp.

Eg drøymer slikt. Og er redd for å sove. Eg drøymer slikt. Og er redd for å vakne, og finne at det ikkje var ein draum.

9 kommentarer:

  1. Det nytter jo ikke, men jeg gjentar likevel: Du må komme over dette, mullah!

    Ordbekreftelsen er afaciti, så da nytter det vel enda mindre.

    SvarSlett
  2. Korleis kan eg kome over det?! Det er den største trugselen i vår tid... om vi ikkje vaknar kan vi oppleve eit helvete på jord. Holocaust vil blekne i forhold til det Pandamonium har planlagd.

    Dei rir mine draumar! RIR!

    SvarSlett
  3. Det er heldigvis ikke pandaer som rir i mine drømmer;=D

    SvarSlett
  4. "My little pony"? Nei, mer Månestråle med tidvise anstrøk av hentai/manga. Pluss ... *nei, det får bli i familien*.

    SvarSlett
  5. ...

    Eg trur ærleg tala eg ikkje vil vete meir.

    SvarSlett
  6. Hadde ikke tenkt du skulle få vite mer heller ;-p. (Men prøv søkeord "Mustang Girl" også, selv om det kan stå noen biler i veien på noen av bildene).

    SvarSlett