torsdag 13. august 2009

Ein alliert i strida

Det er all grunn til å vere mistenksame overfor ekorn. Dei er drevne spionar, som får med seg det meste. Men kven sankar dei desse nøttene med informasjon for? For eiga skuld? For svartebørsen? For VG og Se & Hør? Eller er det verre... er det for Pandamonium, det komande terrorveldet til verdas mengder med pandaer?

Det er NaKri som avslørar dette i opningsposten til sin nye norske blogg. Og medan ein kanskje vert uroleg av å vete at pandaene i ekornet har ein alliert i kampen mot menneska, så kan vi finne grunn til optimisme i at NaKri er ein alliert av mullaen i kampen mot dei grusomme pandaene!

Og ekorna.

La oss ønskje våpensystra velkomen!

2 kommentarer:

  1. Vyrde Mulla.

    Eg vart litt forvirra, så eg gjorde eit oppslag i Nynorskordboka for å sjå om det gav meg eit klårare bilete av dei spionerande ekorna.

    mistenkjeleg: [mistenkeleg el. mistenk(j)elig] a2 som gjev grunn til mistanke; tvilsam m- åtferd / eg såg ikkje noko m- i rommet noko muffens / adv: det vart m- stilt på barnerommet

    mistenksam: a1 som har mistanke (om noko); mistruen vere m- av seg / bli m- / adv: sjå m-t på nokon.

    Har dette noko å gjere med TV2 som på tekst-tv for nokre dagar sidan skreiv om "den mistenksomme oljen"? Personleg ser eg for meg ein oljeflekk som ligg bak ein stein og gløttar mistenksam på oljeryddingsfolka i rullesteinsfjøro på Sørlandet.

    SvarSlett
  2. Du har sjølvsagt heilt rett i dette, ikkje noko spørsmål om det. Det er slikt som hender når ein sitt oppskaka på kontoret og må presse ut sanninga før ein vender attende til arbeidet.

    Vi får jo berre fikse det.

    SvarSlett